Skal gjera mat til god integrering

Statsminister Erna Solberg fekk smaka på Fjell kommune sitt tiltak for å skaffa flyktningekvinner praksis og arbeid då ho stakk innom kommunen som del av valkampen i dag.

Variert utval av internasjonal fingermat. Internasjonal kvinnforening på Sotra, ved fv. Shahnaz Fadaie, Peruin Jaum og Berrin Straume, orienterer statsminister Erna Solberg om rettane. I bakgrunnen føl statsministeren sin ektemann Sindre Finnes spent med.

Fjell kommune følgte regjeringa si oppfordring og tok mot 100 flyktningar i 2015. Like mange kom året etter. I tillegg kjem familiane deira, fortalte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy statsministeren.

Kantinedrift
Som ledd i integreringa av flyktningane, vil Fjell kommune frå hausten av overlata drifta av kantina på Rådhuset til flyktningane.

Yrkespraksis
8 – 10 flyktningar, under leiing av ein prosjektleiar og ein assistent, skal til ei kvar tid få naudsynt yrkespraksis i kantina. Folkevalde og administrativt tilsette skal til gjengjeld få testa smakslaukane på framande rettar eitpar dagar i veka.

Tiltaket inneber at kommunen tek tilbake kantinedrifta som siste åra har vore ute på anbod. Prosjektleiar og assistent i halv stilling skal få fast tilsetjing i kommunen. Som støtte til prosjektet har Fjell kommune fått 950.000 kroner frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, ifølgje Bjorøy.

– Flyktningane er ein ressurs
– Fjell kommune valte å sjå på flyktningane som ein ressurs. Å skaffa dei, og særleg kvinnene, praksisplassar og arbeid er likevel den store utfordringa. For å koma i inngrep med situasjonen, tok kommunen kontakt med Internasjonal kvinneforening på Sotra.

Mat er god integrering
Kvinneforeninga skal fremma tverrkulturell forståing og har eit 60-tals medlemmar frå 20 land. Mat er ein viktig del av kulturen, og bidreg til så skapa forståing og integrasjon. Matlaging er noko kvinner kan. Som eit første forsiktig samarbeidsprosjekt, serverte kvinnene mat til kommunestyret i fjor vår. Tiltak gav bokstavelg talt meirsmak, kunne ein smilande leiar Shahnaz Fadaie i Internasjonal kvinneforening på Sotra fortelja statsminister Erna Solberg.

Les: Unødvendig å by to gongar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s