Den lange oppturen – Norge frå krig til oljekrise

Med ”Den lange oppturen – Norsk historie 1945 – 2015” freistar Finn Olstad å oppsummera den mest hendingsrike perioden i norsk historie.

Ein periode i norsk historie med store omveltningar. Olstad har skrive eit oppsummerande standardverk.

Etter å ha lese ”Den lange oppturen” er det nærliggjande å påstå at ”alt” i det norsk samfunnet er endra i desse åra. Og det er det jo. Ikkje i nokon tidlegare periode i norsk historie har nordmenn opplevd tilsvarande omveltningar i kvardagsliv, utdanning, arbeid, velferd, kultur, religion og fritid, i eit slikt tempo og til same tid.

Velstandsutvikling
Den omtalte tidsepoken er karakterisert av ei samanhangande økonomisk velstandsutvikling for heile landet. Gjennoppbygginga etter krigen. Norge har gått frå å vera eit fattig land som innbyggjarane forlot, på leit etter betre vilkår, til å verta ein attraktiv nasjon for så vel høgt utdanna arbeidsinnvandrarar som flyktningar frå den tredje verda.

Vel har det vore nokre mindre kriser undervegs, kanhende meir merkbare for oss vestlendingar enn for resten av landet; då silda forsvann på 1960-talet og shippingkrisa kring 1980, men då var tida moden for oljeutvinning.

Kvinnefrigjering
Kvinnene sin utmarsj frå heim til arbeid og politikk. Kyrkja sitt tap av makt over kvardagslivet; fri abort, kvinnelege prestar, innføring av KRL-faget istaden for kristendomsundervisning i skulane, auka oppslutning om andre trussamfunn.

Vegen mot konsumentsamfunnet. Endringar i skikk og bruk, omgangsformar og kleskodar.

To heftige folkerøystingar om medlemskap i EU, tilhøvet til EØS og aukande tilpassing til eit overordna, internasjonalt lovverk. Aukande internasjonalisering, og innvandring.

Den tematiske spennvidda er enorm. Historikaren Finn Olstad freistar oppsummera det heile på knappe 450 sider.

Olstad har angripe det ambisiøse prosjektet tematisk og kronologisk. Som introduksjon og gjennomgåande bærebjelke har han valt å nytta utviklinga av velferdssamfunnet og det etterkvart aukande presset som den sosialdemokratiske velferdsmodellen er utsett for som følgje av utviklinga på andre område.

Eit land i verda
Ved å ta utgangspunkt i den valte tidsepoken er det fritt fram for å framstilla Norge som ein ubekymra Askeladd. Alt løyser seg. Men Norge er eit land i verda. Utviklinga her heime vert i stor grad påverka av det som skjer andre stadar. At Olstad avsluttar forteljinga med oljekrisa og flyktningekrisa, er eigna til ettertanke.

Hovudtrekka
Ei Norgeshistorie er ikkje ein einkelt person sitt verk. Den breie tilnærminga har vore mogeleg å realisera takka vere bruk av hyppige sitat frå andre og meir spesialiserte verk. Ulempen ved denne tilnærminga er at forteljinga til tider ber sterkare preg av oppramsing og namedropping enn av medrivande historieforteljing. For dei som ønskjer ei innføring eller ei oppsummering av hovudtrekka i den norske samfunnsutviklinga i etterkrigstida, bør dette likevel verta eit standardverk.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s