Inntektssvikt for lokalavisene

Dei Schibstedeigde lokalavisene VestNytt og Askøyværingen opplevde begge ein dramatisk svikt i inntektene i fjor.
(Saka er oppdatert.)

Inntekta på 15 millionar frå salet av Vestnytt-byggt på Skjenet til Fjell kommune vil først verta synleg for rekneskapen for 2017.

Med driftsinntekter på 18,9 millionar kroner i 2016 er VestNytt desidert størst av lokalavisene vest for Bergen.

Tap av pressestøtte
Tapet av 438.000 kroner i statleg pressestøtte, saman med vel 400 færre betalande abonnentar, merkast godt i rekneskapen. Totalt opplevde Schibsted si lokalavis på Sotra ein inntektssvikt på heile 10 prosent samanlikna med året før.

Les: Opplagsfall for Askøyværingen og VestNytt

Resultatet før skatt vart kraftig svekka, frå 3,2 til 2,3 millionar kroner. Framleis er VestNytt likevel ei av dei økonomisk mest lønsame lokalsvisene i Schibsted-konsernet.

Les: Askøyværingen får pressestøtte – VestNytt tente for godt

Betalingsmur
Innføringa av betalingsmur for nettavisa har så langt ikkje vore den suksessen eigarane hadde håpa på. I likhet med søsterpublikasjonen på Sotra, opplevde også Askøyværingen ein reduksjon i talet på betalande abonnenter på over fem prosent i fjor.

At avisa fekk tilbake pressestøtta, med 481.000 kroner, bremsa svikten i driftsinntekt. Ved årets utgang kunne redaktør Tom-Stian Karlsen notera samla inntekter på 11,1 millionar, 900.000 mindre enn i 2015.

Resultatet før skatt vart halvvert, og enda på minus 900.000 kroner.

Solid
Begge mediepublikasjonane har ein solid eigenkapitalsituasjon som tillet dei å ”stå han av”, om eigarane ønskjer det.

VestNytt styrka eigenkapitalen frå 23,1 til 23,3 millionar. Samstundes auka gjelda med 600.000, til 6,4 millionar kroner.

Askøyæringen derimot svekka eigenkapitalen med 500.000 kroner, til 21,3 millionar. Gjelda vart redusert med 900.000 kroner, og utgjorde ved årsavslutninga 2,9 millionar.

Askøyværingen
2016 2015 % endring
Driftsinntekt 11,1 12 -7,5
Driftsresultat -1,1 -0,7 57,1
Resultat før skatt -0,9 -0,4 112,5
Eigenkapital 21,3 21,8 -2,3
Gjeld 2,9 3,8 -23,7
VestNytt
2016 2015 % endring
Driftsinntekt 18,9 21 -10
Driftsresultat 2,2 3 -26,7
Resultat før skatt 2,3 3,2 -28,1
Eigenkapital 23,3 23,1 0,9
Gjeld 6,4 6 6,7

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s