4 millionar ekstra til infrastruktur

Fjell, Sund og Øygarden får fire millionar kroner ekstra frå Regjeringa i år i samband med den føreståande kommunesamanslåinga.

Kommunal- og moderinseringsminister Jan Tore Sanner løyver 150 millionar ekstra til infrastrukturtiltak i kommunar som har vedteke å slå seg saman.

Pengane skal nyttast til infrastrukturtiltak, som digitalisering av tenester, teknisk infrastruktur og velferdsteknologi. Føremålet er å bidra til å knyta den nye kommunen betre saman, kunngjer Kommunal- og moderniseringsdepartementet i ei pressemelding.

Les: Vi risikerer å verta historielause

104 norske kommunar har til no vedteke å slå seg saman til 41 nye kommunar.

Dei nye kommunane får til saman 150 millionar kroner i ekstra tilskot til infrastruktur i 2017. 19 millionar går til Hordaland.

Tilskotet til infrastrukturtiltak kjem i tillegg til dei andre tilskotsordningane i samband med kommunereforma. Samla løyvingar til eingongsstønad og reformstønad utgjer kring 2,3 milliardar kroner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s