Nybilsalet flatar ut

Massiv auke i nybilsalet i Sund sikra at regionen kom ut i pluss.

Tok marknadsandelar i flat marknad. Lanseringa av elbilen Ioniq førte den koreanske produsenten Hyundai opp frå ein 13. plass til ein 4. plass i regionen.

Salet av nye bilar i region vest flatar ut, ifølgje oversikten Opplysningsrådet for vegtrafikken har utarbeida for nettavisa Tunnelsyn.no.

Salstala for nyregistrerte bilar i første halvår er svakt opp samanlikna med den negative trenden frå fjoråret. Dei første seks månadane i år kjøpte innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy til saman 780 nye bilar, ein meir enn i same perioden i fjor.

Les: Strilane utset nybilkjøpet

Nedtur i Fjell

Totalsal nye bilar 1. halvår 2017 1. halvår 2016 Endring % endring
Fjell 314 338 -24 -7,1
Askøy 358 360 -2 -0,6
Sund 68 46 22 47,8
Øygarden 40 35 5 14,3
780 779 1 0

Mest merkbar var endringa i Fjell. Den langvarige utryggleiken på arbeidsmarknaden, kombinert med utsiktene til framtidig bompengeinnkrevjing på det nye Sotrasambandet, bidrog til at det vart førstegongsrgistrert 24 færre nye bilar i år enn i fjor. Ein nedgang på 7,1 prosent.

Sundsokningane kompenserte langt på veg salssvikten i Fjell. 68 selde nye bilar er 22 fleire enn i fjor, eller ein auke på heile 47,8 prosent.

Elektrisk auke
Også i Askøy gjekk talet på førstegongsregistrerte nye bilar ned, men her vart salssvikten meir enn kompensert ved ein auke i salet av bruktimporterte bilar.

% EL av totalt nybilsal
Fjell 42,4
Askøy 53,9
Sund 38,2
Øygarden 52,5

Elbilane tek stadig større bit av nybilsalet. Heile 373, eller 47,8 prosent av dei nye bilane går på elektrisk straum. Høgast var elbilandelen i Askøy, med 53,9 prosent. Hakk i hæl føl Øygarden, men 52,5 prosent elektriske køyretøy. Lågast er interesse for elbilar i Sund, med berre 38,2 prosent.

Hyundai
eGolf sikrar at Volkswagen framleis har høgaste marknadsandelen, med 14,2 prosent for regionen sett under eitt.

Ser vi på situasjonen i dei einskilde kommunane, vert biletet eit anna. Toyota er den mest populære produsenten i Fjell og Øygarden, trass i at dei manglar ein rein elbil.

Produsent stk % marknadsandel elektrisk
Fjell Toyota 41 13,1 0
Askøy Volkswagen 70 19,6 56
Sund Hyundai 10 14,7 8
Øygarden Toyota 6 15 0

Takka vere lansering av elbilen Ioniq har den koreanske bilprodusenten Hyundai gjort eit kjempehopp opp til ein fjerde plass på oversikten. Ein marknadsandel på 8,1 prosent, tilsvarar ein auke opp frå ein 13. plass til same tid i fjor.

Bruktimporten aukar
I tillegg til dei nye bilane kjøpte vi 279 bruktimporterte bilar. Det er 46 fleire enn i fjor. Elektriske Nissan og Kia står 43,7 prosent av salet.

Mitsubishi har ein overlegen dominans på hybrid-marknaden med heile 40,2 prosent.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s