Hadia Tajik innom Straume

Ho kom med regnet, Arbeidarpartiet sin nestleiar Hadia Tajik, og med regnet kom raudfargen fram.

Vestlandet er ein viktig del av landet. Arbeidarpartiet har ambisjonar for landsdelen, hevda nestleiar i Arbeidarpartiet Hadia Tajik då ho var innom Idrettsparken i dag.

Dei raude regnversponchoane med bodskapen ”Arbeid til alle er jobb nr. 1” på ryggen kom vel med då Arbeidarpartiet sin nestleiar var innom Sotra på snarvisitt i dag. Ikkje berre sørga dei for å halda dei 30-tals frammøtte tørre. Bodskapen gav også eit kjærkome motiv for ein journalist med kamera.

Etter ein snartur innom Ågotnes bar det rett til Idrettsparken på Straume. 35 dagar før valet gjeld det for toppleiinga i Arbeidarpartiet å formidla bodskapen om at Norge er avhengig av Vestlandet.

– Arbeiderpartiet har ambisjonar for Vestlandet, hevda Tajik.

– Å støtta opp under lokal kompetanse og skapa fleire arbeidsplassar lokalt er viktig. Landet er ikkje tent med ei regjering som sit med hendene i fanget når arbeidsplassane er truga, hevda Tajik.

– Norge står framfor eit vegval. Sjeldan har landet hatt behov for eit tydeleg alternativ. Helse, skule og velferd er det som er viktig. Ikkje skattelette til dei som alt har mykje, la Arbeiderpartiet sin nestleiar til.

Er «Uljeeventyret» ute? Vivian Steinsland og Bjørn Breilid sin versjon av Johannes Kleppevik sin velkjente song slo i alle fall godt an hos publikum.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s