Kalde gleder frå Follese

Nordmenn kjøper is som aldri før. Den norske isbilen og Isbjørn Is auka både sal og inntening i fjor.

Eigen distribusjonskanal. 120 isbilar sørgjer for distribusjon av fisk, fiskeprodukt, pizza og bakarvarer til det norske folk, i tillegg til is, sjølvsagt. (Foto: Den norske isbilen AS).

Nordmenn elskar iskrem. Iskremprodusenten Isbjørn Is AS på Follese har kapasitet til å produsera 35.000 is i timen. Kapasitet nok til å dekka tredelen av det norske konsumet, men framleis manglar det ein del før inntekt og marknadsstorleik kan måla seg med dei to store konkurrentane Diplom-Is og Henning-Olsen.

Eigen distribusjonskanal
I staden for å konkurrera om plassen i frysediskane til dei tre nasjonale matvaregrossistane, har Isbjørn Is heller vald å byggja opp sin eigen nasjonale distribusjonskanal for å bringa dei kalde gledene ut til folket.

Frå 20 avdelingskontor sørgjer Den norske isbilen AS for at 120 bilar frakta ispinnar, kroneis og iskaker ut til kundar i byggjefelt spreidde over heile landet.

I det siste er tilbodet utvida til også å omfatta fisk, fiskemat, reker, pizza og bakarvarer frå anerkjende Bergens-leverandørar som Madam Bergen og Baker Brun.

Lønsam strategi
Ein strategi dei fekk god utteljing for i fjor. Konsernet Isbjørn Is Holding AS omsette for 176,4 millionar kroner, 12,5 millionar meir enn i 2015. Resultatet auka med tre millionar, og enda på 10,2 millionar, ifølgje rekneskapen som er innsendt til Brønnøysund.

Den norske isbilen AS står for tre fjerdedelar av omsetninga. Men etableringa av ein nasjonal distribusjonskanal kostar. Produksjonsselskapet er viktigaste bidragsytar til resultatet.

Norske råvarer
Isbjørn Is Holding AS vart i fjor kjøpt av den baltiske matprodusenten Food Union Group. Oppkjøpet har ikkje fått påverka valet av råstoff. På Askøy lagar dei framleis iskrem av norske råvarer, ifølgje heimesidene til verksemda.

 

Isbjørn Is Holding AS 2016 2015
Driftsinntekt 176,4 163,9
Driftsresultat 10,2 7,2
Resultat før skatt 9,1 6,4

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s