Tapar posisjonar i Kommune-NM

Fjell kjem framleis best ut i vest, sjølv om alle kommunane i regionen sakkar akterut i NHO si kåring av dei mest attraktive kommunane i landet.

NHO.sjef Kristin Skogen Lund har større kommunar som ei kampsak. Det gjer utslag for rangeringa av småkommunane i Kommune-NM. Foto: NHO.

Kommune-NM rangerer norske kommunar ut frå ein samla vurdering av totalt 20 faktorar innan næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi.

Undersøkinga er skrudd saman slik at ho premierer dei store, folkerike kommunane.

Her meinar NHO dei attraktive kommunane er lokalisert.

Rangeringa byggjer hovudsakleg på tal frå 2016. Ikkje uventa byrjar utviklinga innan offshorenæringa dei siste åra å gje utslag på attraktivitet og lokal vekstkraft for kommunane i region vest.

Best i Vest
Fjell er framleis ein klar leiar i vest, på 3. plass i Hordaland etter Austevoll og Bergen, og på ein 18. plass i landet, sjølv om vi har tapt fem posisjonar samanlikna med i fjor.

Kommunen vert vurdert å vera særleg sterk på næringsliv og privatøkonomi.

Stor variasjon i næringslivet tilseier at Fjell kjem best ut i Hordaland og på ein 5. plass i landssamanhang. 19,3 prosent av innbyggjarane jobbar i industrien, 14,3 prosent innan helse- og sosial, og 13,3 prosent innan varehandel.

Høg inntekt hos dei som er i arbeid kompenserer for dei som manglar arbeid. Med ei snittløn på 463.200 kroner kvalifisere fjellsokningane til ein 30. plass i landet.

Det at heile 76 prosent av arbeidstakarane er sysselsette i det private næringslivet vert vurdert som svært positivt. Her havnar vi på ein 14 plass i landet. I Hordaland vert vi berre slått av Austevoll.

Fjell får også plusspoeng fordi kommunen brukar 12,2 prosent av driftsutgiftene på kjøp frå private. På topp finn vi Austevoll med 34,3 prosent.

Akilleshæl
Arbeidsmarknaden vert vurdert som fjellsokningane sin akilleshæl. Her dett vi heilt ned på ein 168. plass. Det at berre 65,6 prosent av innbyggjarane er i arbeid er langt under snittet i landet, og kvalifiserer til ein 210. plass.

Eit sjukefråvær på 6,7 prosent er heller ikkje noko å skryta av. Her havnar kommunen heilt nede på ein 365. plass. På den meir positive sida har kommunen færre uføre enn tre fjerdedelar av alle norske kommunar.

Også når det gjeld arbeidsløyse kjem Fjell, ikkje uventa, heilt på botn i landssamanhang.

Askøy
På ein 50. plass er Askøy den kommunen i regionen med mest stabil plassering samanlikna med fjoråret.

Best ut kjem kommunen når det gjeld demografi. Næringsliv og privatøkonomi og kommuneøkonomi vert også vurdert som godt over snittet.

Les: Grunnleggjande usamde om kommuneøkonomien

Folkeveksten i Bergensområdet slakkar av. Ein auke i folketalet på 1,8 prosent dei siste tre åra kvalifiserer likevel til ein plass mellom dei 30 beste i landet. Ei netto innflytting på 0,7 er også ein sterk vekstindikator og eit bidrag til folkeveksten

Askøy er ein av dei yngste kommunane i landet. For kvar innbyggjar i alderen 56 – 65 år, kan kommunen mønstra 1,317 ungdomar i alderen 25 – 35 år.

Låg sysselsetjing
Arbeidsmarknad og kompetanse er derimot område der kommunen vert vurdert som svak. Ein sysselsetjingsandel på 42,9 tilseier ein plass mellom dei 40 dårlegaste i landet. Eit sjukefråvær på 6,9 prosent og ein uføreandel på 5,1 utfyller biletet.

Askøy har den lågaste registrerte arbeidsløysa i regionen. 3,5 prosent heilt ledige likevel ikkje mykje å skryta av i landssamanhang.

Når det gjeld arbeidsmarknadsintegrasjon, må kommunen sjå seg slått av Fjell, Sund og Øygarden, kommunen skårar likevel mellom dei 100 beste.

Premierer dei store
NHO har sett saman eit sett av målekriterier som premierer dei store, folkerike bykommunane. Det får negative utslag for Sund og Øygarden, som begge fell kraftig tilbake i årets Kommune-NM samanlikna med fjoråret.

Sund på ein 173. plass skårar høgast når det gjeld demografi. Her er kommunen heilt oppe på ein 31. plass. Forklaringa finn vi når vi ser at veksten i folketalet siste tre åra i snitt utgjer 2,1 prosent. Tilhøvet mellom unge og eldre i arbeidsstyrken er 124,2 i alderen 26- 35 for 100 i alderen 56 – 65 år. Netto innflytting er derimot negativ, med – 1.

Verst ut kjem Sund når det gjeld kompetanse. Berre fire prosent av dei yrkesaktive har minst fire års høgare utdanning. Det at berre er 8 prosent av dei sysselsette har bestått fagprøven bidreg til å trekkja ned vurderinga av innbyggjarane sin kompetanse.

Friskast i Øygarden
Ni plassar lenger ned finn vi Øygarden. Demografi vert vurdert å vera også Øygarden sitt sterkaste kort. Verken når det gjeld vekst i folketalet, tilhøvet mellom unge og eldre i arbeidsstyrken eller netto innflytting maktar kommunen likevel å visa til betre tal enn nabokommunane i regionen.

Arbeidsmarknaden vert vurdert å vera Øygarden sitt svakaste punkt. Med ein sysselsetjingsandel på 50,8 kjem kommunen likevel betre ut enn både Sund og Askøy. Medvite arbeid med sjukefråværet gjennom lengre tid gjer at kommunen kan visa til dei friskaste innbyggjarane i regionen. I landssamanhang er eit sjukefråvær på 6,5 likevel ikkje så veldig mykje å skryta av.

6,5 prosent uføre i alderen 18 – 67 år bidreg til å dra ned rangeringa. Det same gjer den registrerte arbeidsløysa på 6.0 prosent.

Integrasjonen på arbeidsmarknaden er derimot ein av dei faktorane der kommunen kjem best ut. Med eit tilhøve mellom innpendling og utpendling i prosent av sysselsette på 89,4, må Øygarden likevel sjå seg slått av både Fjell og Sund.

Sjekk alle dei underliggjande tala i Kommune-NM

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s