60-meteren på sokkaleisten

Dagpendling i robåt var ein del av kvardagen for Hans Rønnestrand som nytilsett lærar ved gamleskulen i Brattholmen.

Hans og Matilda Rønnestrand var sentrale personar i Fjell i første halvpart av 1900-talet.

Hans Rønnestrand var lærar ved gamleskulen i Brattholmen frå 1907 til 1952. Då dei tidlegare elevane hadde gjensynsmøte før ferien, fortalde yngstedottera Solveig Rønnestrand Andersson om faren og skuledagen slik han kunne arta seg for 100 år sidan.

Solveig Rønnestrand Andersson er yngst av ungane i Rønnestrand-familien. I dag bur den vitale dama på Voss.

I dette intervjuet med nettavisa Tunnelsyn teiknar Andersson eit levande bilete av faren, med utgangspunkt i eigne minne, historier som er fortalde i familien og den omfattande skriftlege dokumentasjonen han lot etter seg.

Kvardagen den vitale 83-åringen skildrar er uråd å fatta for moderne Sotrastrilar.

Les: Alf (89) drog halve jorda rundt for å delta på skuletreff

Pendla i robåt
Hans Rønnestrand vart fødd i 1886 i Granvin. Etter lærarskulen på Stord vart han først tilsett som vikarlærar i Valen og Snekkevik krins hausten 1907. Hausten etter vart han fast tilsett.

Arbeidsstaden var delt mellom Valen og Snekkevik. Første åra leigde Rønnestrand kammerset hos gardbrukar Andreas Valen i Valen, ifølgje folketejinga i 1910. Læraren si eiga rekneskapsbok viser at han kjøpte seg middag hos vertsfamilien. Kaffi og brødmat sytte han for sjølv.

For dei som i dag klagar over å stå i kø over Sotrabrua, må det vera ein tankevekkjar å vita at den unge, nytilsette læraren for vel 100 år sidan var nøydd til skaffa seg båt og ro mellom Valen og Brattholmen i all slags ver. Vegen til Knarrevik frå Straume over Arefjord vart først ferdig i 1930.

Den sterke tilflyttinga til Knarrevik på grunn av industrireisinga frå 1905 og framover innebar at det etterkvart vart behov for eigen skule i bygda. Knarrevikskulen stod ferdig i 1921, men truleg var det behov for å tilsetja eigen lærar for Valen og Knarrevik fleire år før det.

Les meir om industrireisinga i Knarrevik

I eige hus
No trong ikkje lenger Rønnestrand pendla i robåten. I 1912 eller året etter flytta han i staden inn i kammerset på skulehuset på Brattholmen.

Fjell skulestyre si årsmelding for 1901 – 1905 er ei verdfull kjelde til informasjon om skuletilhøva i kommunen i tida då Norge vart sjølvstendig stat.

Ein nyutdanna lærar i Fjell hadde i tida kring 1905 ei årsløn på 546 kroner, ifølgje skulestyret si årsmelding om Fjelds Folkeskoler for 1901 -1905. Kan hende ikkje så rart at den unge læraren først i 1915 såg seg råd til å kjøpa tomt og byggja eige hus, i haugen bak ”Hjemmet”. Eit tiltak som vart realisert med god hjelp av broren som var tømrar.

Draumen om eigen familie var nok ei drivkraft. Han trong ikkje gå lenger enn ned på butikken på kaien der Mathilde Nordland var tenestetaus hos broren Erik Nordland. Brullaupsklokkene ringte i 1917.

Eigen krins
Barnetalet auka også i bygdene som høyrte til Snekkevik skulekrins. Første femårsperioden i forrige hundreåret auka talet på elevar frå 52 til 66, ifølgje skulestyret si årsmelding.

Etterkvart vart Snekkevik eigen krins, med elevar frå Snekkevik, Ebbesvik, Straume og Arefjord i tillegg til dei som etterkvart vaks opp i det gryande senteret kring butikken, posten, dampskipsekspedisjonen og ”Hjemmet” på kaien på Brattholmen.

Tidleg på 1920-talet hadde Brattholmen blitt eit såpass dominerande senter i kommunen at det var naturleg at skulekrinsen skifta namn frå Snekkevik til Brattholmen.

Les: Då Sotrastrilen skreiv samferdslehistorie

Foreldrebetaling
Foreldra måtte bidra til borna si opplæring, då som no. Men på ein ganske annan måte. Dei som hadde born i skulen skulle halda ved og torv til oppvarming, eller betala ein tilsvarande sum til læraren. Ved kosta heile åtte kroner for ein favn. Foreldre som ikkje betalte i naturalia, måtte ut med 1 krone og 50 øre dei første åra. Etterkvart auka summen til 2,75 kroner året.

Sotra var eit nakent lynglandskap på denne tida, og Rønnestrand var mellom dei som ivra for at elevane skulle driva skogplanting. Skogen ville gje livd for vinden, men han kunne og brukast til å gje varme.

60-meteren i tresko
Dei fleste ungane gjekk i tresko til kvardags. Kom dei på skulen og var våte, noko som skjedde titt og ofte, hadde lærar Rønnestrand klart eit utval med strikkalabbar, strikka av kona, kalla Skule-Tillo, som dei kunne låna. Ingen skulle sitja i hans skulehus og vera våte på beina.

Tresko var upraktisk når ungane skulle delta i idrettsaktivitetar. I mellomkrigstida fekk dei fleste ungane etterkvart lærsko til bruk i spesielle høve. Ein idrettsdag hadde ein av ungane gløymt att lærskoa heime. Idrettsmerkjet ville han likevel ta. For å kvalifisera seg, sprang han like godt 60-metaren på sokkeleisten.

Skule i heimen
I 1931 var det så mange ungar i bygdene som sokna til Brattholmen krins at dei som budde på Arefjord og vart overført til Knarrevik. Gamleskulen på Brattholmen vart for liten. Då elevtalet i 1937 tilsa tredelt skule i staden for todelt, fekk dei aller yngste starta skulegongen heime i kjellarstova til læraren.

Etterkvart fekk også lærar Rønnestrand avlastning i undervisninga. Først av Paul Ekerhovd, seinare av Bjørg Stueland Høyby og Anna Bjørøy.

Underviste gjennom krigen
Krigsåra er ein historie for seg. Rønnestrand var ordførar i Fjell i frå 1929. Det politiske vervet mista han då tyskarane okkuperte landet. Rønnestrand var likevel ein av dei lærarane som underviste gjennom heile krigen. Han meistra den vanskelege balansegangen mellom å ikkje framstå som nazivenleg, og heller ikkje vera så nasjonalistisk innstilt at han vart tvangssendt til Finnmark eller i tysk konsentrasjonsleir.

Heimen til læraren derimot, vart teken i bruk av tyskarane, men ikkje før i 1944. Då måtte også elevane ut frå kjellarstova. I staden enda dei opp i kafeen i kjellaren til Johannes Nordland, som då var i tysk fangenskap.

Ei ny tid

Då dagens skule på Brattholmen var innvigd 3. november 1956, fekk storhendinga omtale i Bergens Tidende.

Etter freden i 1945 var dei minste elevane tilbake i Rønnestrandhuset, og der vart dei verande til i 1954. Då hadde Jens Lie teke over som lærar.

Rønnestrand sjølv vart pensjonist i 1951. Pensjonen spegla den veldige lønsutviklinga i første halvdel av forrige hundreåret. Som pensjonist fekk han 638 kroner i månaden – meir enn han hadde i årsløn då han byrja 44 år tidlegare.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s