Show me Sunshine

Ein regnverssommar som denne set rosene på ein verkeleg prøve. Her er nokre som får fram det breie smilet hos hageeigaren.

Dei er så vidunderleg vakre at eg nesten mistar pusten. Sjølvsagt gjer eg alt for at dei skal trivast i min eigen hage. Altfor ofte her vest vert Vergudane  den faktoren som avgjer korvidt innsats og bøner til høgare makter skal bera frukt.

Etter snart 20 år som hageeigar, og med roser som favorittblomst, får eg stadig positive overraskingar. Moderne roser eg i utgangspunktet ikkje hadde særlege forventningar til, lyser opp i hagen.

Pauls Himalayan Musk har stått i hagen i 15 år, men det er først no han for alvor tek til å visa seg fram. Hundrevis av små, opne, svakt rosa roser som duftar himmelsk.

Show me Sushine er som namnet lovar, gul og intens, remonterer heile sommaren gjennom, og bryr seg ikkje om at regnet bøttar ned.

Det gjorde heller ikkje Pleasanterie, men denne blømer rikeleg berre ein gong, eitpar veker i månadsskiftet juni/juli.

Alischa Princess of Phoenix har nydelege opne roser i eit fantastisk fargespel, litt meir sparsam med rosene, men blømer lenge.

Eyes for You er meir sårbar for regn, men kompenserer med stadig nye roser.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s