Vil skjæra gjennom på Stortinget

Skjemte knivar vert som nye når Terje Breivik, førstemann på Venstre si Stortingsliste i Hordaland, snurrar slipesteinen.

Klar for gjenbruk.  Tydeleg entusiasme over å å gjera skjemte knivar klar for nye oppgåver.

Politikk handlar om å skjæra gjennom. Difor er det ein fordel med skarpe knivar på Stortinget, meinar Terje Breivik, førstemann på Venstre si Stortingsliste i Hordaland.

Sjølv seier Breivik seg nøgd med innsatsen så langt:
– Det meste av ny næringspolitikk siste åra er blitt til i eit samarbeid mellom Venstre og Høgre, hevdar han.

Slipestein
I håp om å overtyda veljarane om at han bør få ny tillitt, køyrer han like godt rundt med ein elektrisk slipestein i bilen no i valkampen.

May Bildøy og Annette Rydståle i ”Skikkelig mat” på Sartor fekk i dag demonstrert at Venstre sin finanspolitiske talsmann den siste Stortingsperioden kan meir enn å forhandla om budsjett. I løpet av ein times tid sørga han for at innhaldet i knivskuffa i lokalmatrestauranten er nyslipte og klare slik at dei 15 tilsette har verktøyet dei treng for tilbereda sine populære godbitar til svoltne Sotrastrilar.

Med slike skarpe verktøy bør dei kunna skjæra marknadsandelar frå konkurrentane.

Gjenbruk
– Ingen knivar er for skjemte til at dei ikkje kan slipast og verta like gode som nye, hevdar Breivik. Å slipa knivar vert ein form for gjenbruk. Ein god kniv kan vara livet ut, får han berre rette behandlinga.

Bøyde, butte spissar eller hakk i eggen? Slikt er utfordringar for ein fagmann, og Breivik viste damene på «Skikkelig mat» at han fiksar det.

Overraskande tilbod
– Kjempebra, smilte Bildøy og Rydståle. Dei vart både overraska og glade over at gjesten plutselig tilbaud seg å gjera jobben i eige lokale. No slepp dei å senda vekk oppdraget.

Breivik er glad for tilbakemeldinga. Kanhende kan det verta meir samarbeid utover hausten?

Fagmann
Knivar er kultur. Å smi og slipa knivar er eit gammalt handverk. Brevik si interesse for knivar og knivsliping byrja som ein hobby, saman med ein ung nevø. Etterkvart har han teke kurs og blitt sertifisert for å kunna slipa som ein profesjonell.

– Publikum må skjelna mellom sliping og bryning. Å bryna ein kniv, det kan kven som helst gjera. Sliping krev ein fagmann, hevdar Venstre sin finanspolitiske talsmann.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s