Klima ikkje noko salsargument

Sjølv om Sotra Takstol AS leverer klimevenlege produkt, er det pris dei konkurrerer på, var bodskapen Stortingskandidat Terje Breivik (V) fekk då han vitja trevareprodusenten i Telnesskogen.

Terje Breivik og dagleg leiar Olav Mo framfor den tyskproduserte datastyrte kappemaskina.

Innovasjon spelar ei sentral rolle for Sotra Takstol AS. Ved å utvida produktporteføljen til også å omfatta ferdigelement for veggar, golv og flate tak, har trevareprodusenten i Telnesskogen vakse jamnt og trutt.

I år reknar SMB-verksemda med 28 tilsette med å passera 45 millionar i omsetnad, kunne dagleg leiar Olav Mo fortelja Terje Breivik som er Venstre sin førstekandidat i Hordaland.

Rask montering
Prefabrikkerte element inneber produksjon under kontrollerte tilhøve innandørs, og rask montering ute på byggjeplassen. Slik vert byggjebransjen mindre utsett for sesongmessige svingningar.

– Marknaden etterspør i aukande grad prefabrikkerte element, som golv og veggar. Sotra Takstol tek ein stadig større del av den verdiskapinga som tømrarane tradisjonelt har stått for, seier Mo.

Bustadar og garasjar
– Det mange ikkje har fått med seg, er at vi ikkje berre leverer element til store næringsbygg, men at vi også kan levera prefabrikkerte bustadar og garasjar til private, legg Mo til.

Konstruksjon av golvelement med lange spenn er ein av spesialitetane. Overgang til bruk av ein ny type isolasjon som gjev same U-verdi, men med langt mindre ruvande materialar, er ein annan nyskaping som kundane veit å verdsetja.

Konkurrerer på pris
Tre er eit klimavenleg materiale som lagrar CO2, i motsetnad til hovudalternativet sement, som frigjev klimagassar under produksjonen. Klima er likevel ikkje noko stort salsargument for dei to – tre seljarane i verksemda, ifølgje Mo

– Sotra Takstol konkurrerer på pris, konstaterer den daglege leiaren.

Store investeringar
Kvart einskild av dei kring 1.000 årlege oppdraga vert spesialtilpassa. Sotra Takstol har eigne ingeniørar som prosjekterer dei einskilde elementa i samråd med kundane. Sjølv produksjonen er likevel automatisert så langt det er mogeleg.

For å stå betre rusta i konkurransen om oppdraga har veksemda i løpet av siste året investert kring 10 millionar, mellom anna i ny produksjonshall, og i datastyrt kappemaskin.

Lågt sjukefråvær
Som følgje av offshorekrisa har verksemda siste åra hatt god tilgang på arbeidskraft, både ingeniørar, fagarbeidarar og ufaglærte.

Olav Mo rosar medarbeidarane sine for å vera sjeldan stabil arbeidskraft med eit sjukefråvær på låge 2 – 3 prosent.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s