Slaktefartøy får Enova-støtte

Sekkingstadfamilien tek grep for å korta inn oppdrettslaksen si ferd frå merd til marknad. Eit spesiallaga slaktefartøy vil kunna kutta transporttida med to døgn. Samstundes kan inntil 7.000 vogntog forsvinna frå norske vegar.

Skal erstatta brønnbåtar og landbasert slakteri. Slaktefartøyet vil få ein kapasitet på 1.000 tonn ferdig sløyd fisk per tur frå Bergen til Hirtshals. Foto: Hav Line Gruppen / Wärtsila

Den europeiske marknaden vil ha fisken ferskast råd. For å kutta transportida, har Hav Line Gruppen AS valt å utvikla eit eige slaktefartøy.

– Skal Norge veksa som oppdrettsnasjon, må nye og innovative løysingar på plass. Vi har stor tru på at konseptet vil føra til endringar i bransjen, seier styreleiar Kristian Haugland i Hav Line Vessel i ei pressemelding frå Enova.

Milliardomsetnad
Hav Line Gruppen AS vert eigd 50 – 50 av Sekkingstad-familien og Haugland Gruppen AS i Bergen.

Sekkingstadfamilien eig eit av landets største familieeigde produksjonsanlegg for laks og aure. I fjor omsette anlegget på Skaganeset i Sund for nær 3,2 milliardar kroner.

Les: Milliardhopp for Sekkingstad

Effektivisera produksjonen
Slaktefartøyet skal erstatta tradisjonelle brønnbåtar, så vel som dagens landbaserte slakteri. Fartøyet skal henta fisken direkte frå oppdrettsmerdene i Bergens-området og levera han ferdig slakta, sløyd og nedkjølt til Danmark.

– Båten får verdas største slaktekapasitet. Hadde han slakta for full maskin heile døgnet, kunna båten teke seg av all slakt av fisk i Norge sør for Stad, seier Haugland.

7.000 vogntog
Når fartøyet vert sett i drift neste haust, vil det ha ein kapasitet på 1.000 tonn sløyd fisk per tur. Etter planen vert det lagt opp til 140 turar årleg mellom lokale oppdrettsanlegg og Hirtshals.

Som eit resultat, kan det norske vegnettet verta spart for inntil 7.000 vogntog.

Hybriddrift
– Båten er ein liten revolusjon som gjev heilt nye mogelegheitar for å effektivisera oppdrettsnæringa. No vil fisken koma fram til marknaden med opptil to dagar lenger haldbarhet, ved hjelp av eit miljøvenleg transportmiddel, rosar marknadssjef Ole Aksel Sivertsen i Enova.

Enova investerer 6,55 millionar kroner i slaktebåten som skal byggjast for hybriddrift, med nyutvikla teknologi for energioptimalisert motor og batteripakke. Han skal også kunna nytta landstraum.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s