Dei som skal byggja landet

Siv Jensen snakka opp yrkesfaga då ho vitja Sotra vgs si avdeling i Sund første skuledagen etter ferien. Å fjerna arbeidsgjevaravgifta for verksemder som tek inn lærlingar er eit verkemiddel ho vil vurdera om ho får fornya tillit som finansminister.

Siv Jensen fekk prøva seg som flisleggjar. Her får ho assistanse av Øystein Lie Hogersen.

Ei orientering om yrkesfaga generelt og bygg og anlegg spesielt stod på programmet då ein FrP-delegasjon med Siv Jensen og Helge André Njåstad i spissen vitja Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund, første dagen i det nye skuleåret.

Kva draumar har de?
– Kva planar har de? De må då ha nokre draumar? innleia Siv Jensen då ho stakk innom ein av dei tre ferske VG1-klassane for bygg og anlegg.

FrP-leiaren klarte å få elevane i tale, gjennom å fortelja om alle dei spanande jobbane, mellom anna i Nordsjøen, som ventar når dei er ferdige.

– Vi bør snakka opp mesterbreva. Dei er like mykje verd som ein master. Dette er utdanningar som landet er heilt avhengig av, understreka Jensen.

Fleire verktøy

– Det er desse elevane som skal byggja landet, fortalde lærar Ingvar Jacobsen (tv) og rektor Magnhild Hakestad då Siv Jensen, Helge André Njåstad og Silje Hjemdal vitja Sotra vgs avdeling Sund.

Siv Jensen er mest oppteken av å få fram kva Regjeringa kan gjera for å stimulera næringslivet til å ta inn fleire lærlingar. Med seg til Sund hadde finansministeren løfte om å tilføra fleire vektøy til verktøyskassen.

I dag betalar verksemdene redusert arbeidsgjevaravgift for lærlingane. Å fjerna arbeidsgjevaravgifta heilt for verksemder som tek inn lærlingar, er eit tiltak Jensen lovar å vurdera i neste Stortingsperiode.

Å styrka lærlingetilskotet til verksemdene vil vera eit anna verkemiddel som eindel verksemder vil finna det interessant å gripa tak i, er finansministeren overtydd om.

Kompetanseløft
Å gje lærarane på yrkesfag eit kompetanseløft vil vera viktig for at dei skal kunna halda tritt med utviklinga på sine eigne fagområde, slik at elevane skal kunna oppleva opplæringa som relevant.

Les: Klima ikkje noko salsargument

Tenk berre på alt som har skjedd innan bilfaga. Før var det mest mekaniske reparasjonar. I dag er det lite mekking, men mest IKT – ein heilt annan måte å tilnærma seg faget på, poengterer Jensen som gjerne ser at det vert eit tettare samarbeid mellom skulane og næringslivet på området.

Motverka fråfall
Fråfall i vidaregåande skule er eit problem som må angripast frå mange kantar. Elevane treng å sjå heilskapen og alle dei fire åra under eitt, elles er det lett å mista motivasjonen, fortalde yrkesfaglig koordinator Ingrid Beate Lægreid som saman med rektor Magnhild Hakestad og assisterande rektor Torstein Telle stod for orienteringa.

Ein læreplassgaranti, slik eindel bransjar har byrja med, hjelper ungdomane til å sjå heile løpet, og bidreg til å få fleire til å fullføra heile utdanninga, supplerte Telle.

Sosial kompetanse
Skulen i Sund jobbar aktivt for å førebu elevane på eit tilvære som lærling, mellom anna gjennom å styrka elevane sin sosiale kompetanse, og skapa eit godt arbeidsmiljø.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s