Fortetting utan samfunnsøkonomisk fundament

Byfortetting vert framstilt som eit einsidig positivt tiltak. Dess tettare dess betre. Samfunnsøkonomiske analyser som kan få fram både positive og negative sider vert ikkje utført.

Samfunnsøkonmiske analyser bør inn i byfortettings-debatten, hevdar forskarane bak denne rapporten.

Kritiske røyster har så langt vore nærast fråverande når det gjeld den rådande fortettingspolitikken. No byrjar forskingsmiljøa å koma på banen.

Er fleire personar busette på eit gitt areal verkeleg meir samfunnsøkonomisk lønsamt? spør forskarane Kristin Magnussen, Caroline Wang Gierløff, Aase Rangnes Seeberg og Ståle Navrud. Rapporten ”Den tette byens verdi” Menon Economics har utarbeidd på oppdrag frå DOGA vart presentert under Arendalsveka.

Last ned rapporten frå Menon Economics

Gevinst vs. kostnad
Ikkje nødvendigvis, konkluderer forskarane. Samfunnsøkonomiske analyser glimrar med sitt fråvær i fortettingsdebatten. Gevinstar og kostnadar vert ikkje vurdert opp mot kvarandre.

For å utføra ein samfunnsøkonomisk analyse av byfortettinga, er det naudsynt å vurdera sosiale verdiar og miljømessige verdiar i tillegg til reine økonomiske verdiar, argumenterer dei.

Verdireduksjon
Den verdireduksjonen naboane vert utsett for i samband med eit fortettingsprosjekt, er døme på reine økonomiske verdiar som fell utanfor i planlegginga. Den vert heller ikkje kompensert, seier forskarane til Finansavisen.

Les: Ny Ankerhagen-konflikt på Straume

Heller ikkje verdien av bustandarer er med i vurderinga. Norske arkitekters landsforbund har tidlegare åtvara mot konsekvensane av redusert bustandard som følgje av nye tekniske krav.

Les: Åtvarar mot lysfattige bustadar og nitriste rom

Terskelverdi

Prinsippmodell for korleis forskarane tenkjer seg utviklinga mellom gevinst og kostnad i ein samfunnsøkonomisk analyse av byfortetting.

Fortetting inntil eit visst punkt vil innebera ein positiv verdiauke. Så vil dei negative sidene gradvis overta. Terskelverdien vil variera i kvart einskild tilfelle.

Å kvantifisera dei sosiale og miljømessige verdiane som bør inngå i ein samfunnsøkonomisk analyse er eit arbeid som førebels er heilt i startfasen.

Overordna retningslinjer
Kompakt byutvikling er eit mantra for den rådande arealplanlegginga. Overordna retningslinjer tilseier at planleggjarane skal leggja opp til auka arealutnytting, fortetting, transformasjon, knutepunktutvikling og transportplanlegging.

Nasjonale retningsliner så vel som kommunale vedtak byggjer i stor grad på hypotesen om at tette byar medfører større rom for sosial interaksjon, at vi brukar bilen mindre, og at det er positivt for næringslivet.

At ytterlegare fortetting av stadar som alt har stor tetthet kan forsterka eksisterande problem, som luft- og støyplager, og trangbuddhet, vert i stor grad oversett.

Les: Har utbyggjarar for mykje makt?

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s