Har du sett denne?

Førekomsten av den svartelista rynkerosa i Hordaland skal kartleggjast. Kanskje rynkerosa likevel ikkje utgjer nokon trussel mot det biologiske mangfaldet i fylket vårt?

Rynkerosa – Rosa Rugosa – er svartelista avdi ho vert påstått å vera ein trussel mot artsmangfaldet langs kysten.

For å få kunnskap om spreiinga av rynkerosa i Hordaland, gjennomfører Fylkesmannen denne sommaren ei kartlegging av førekomsten.

Kjenner du til førekomstar av rynkerose langs kysten? Førekomstar som ikkje er knytt til hagar, busetnad eller veganlegg? I så fall vil fylkesmannen i Hordaland gjerne vita om dei.

Trussel mot artsmangfaldet
Svartelista plantar vert vurderte som ein trussel mot det stadeigne biologiske mangfaldet. Som ledd i kampen mot rynkerosa har Miljødirektoratet utarbeida ein eigen handlingsplan.

Les: Uønska i Norge

Sanddynemark
Rynkerosa trives særleg godt i sanddynemark, ein naturtype som ikkje finst i Hordaland. Langs ein kyst dominert av bratte svaberg har ein ikkje registrert nokon omfattande spreiing av rynkerose.

Undersøkinga denne sommaren er konsentrert til strandområde som ligg nær viktige naturtypar som strandeng, strandsump og sand- og grusstrender, då det særleg er i slike område at rynkerosa kan truga artsmangfaldet.

Friluftsområde

Den frodige Rynkerosa kan danna tette kratt. Kratt kan stengja for ferdsla, men dei kan og danna leveggar som skapar lune opphaldsrom utandørs.

Viktige friluftsområde skal også kartleggjast, då tette kratt av rynkeroser kan koma i konflikt med bruken av områda.

Kartlegginga skjer i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s