Skal dyrka fram elitespelarar

Sotra Sportsklubb satsar på å dyrka fram barn og unge i alderen 10 – 15 år til å verta framtidige elitespelarar i fotball.

Tommy Knarvik skal trena lokale barn og unge til å verta elitespelarar i fotball.

Fotballakademiet er eit nytt tilbod frå Sotra Sportsklubb denne hausten. Her satsar ein på å huka tak i unge, lovande og ambisiøse barn og unge som om to – fem år kan verta klubben sine elitespelarar.

Spissa tilbod
-Vi er flinke på å ta vare på breidda innan idretten. Dette vert eit spissa tilbod til dei som ønskjer å trena meir, seier Tommy Knarvik som er prosjektleiar og trenar for dei unge håpefulle.

10 år
Tilbodet omfattar trening 1 – 3 gongar i veka, for fotballglade av begge kjønn. Deltakarane vil verta henta rett frå skulen i eigen buss, og får servert lunsj. Deretter vert det trening i halvannan time, før dei eventuelt deltek i ordinær trening på kveldstid.

Deltakararne vert i alderen 10 – 15 år. Foreldra bør ikkje uroa seg for å la dei yngste delta i eit spesialisert idrettstilbod, meinar Knarvik.

-Vi vil ta godt vare på dei på alle måtar. Nokre er flinkare enn andre. Andre vil meir enn andre. Det er dei vi håpar å få med oss, seier han.

Lokalt tilbod
Av praktiske grunnar er tilbodet no i startfasen avgrensa til dei som bur på Litle Sotra. Første dagen møtte 12 – 13 deltakarar til treninga i Sotra Arena. Det seier Knarvik seg nøgd med.

-Ein stad må vi byrja.

Med såpass få deltakarar vert det ei overkomeleg oppgåve å få på plass den naudsynte organiseringa, og vinna erfaring med korleis systemet bør fungera.

Foreldrebetaling
No i startfasen er deltakinga basert på foreldrebetaling. Avhengig av kor mange dagar i veka ungane trenar, betalar foreldra frå 900 – 1800 kroner månaden.

På vegne av klubben presenterte Knarvik i dag tilbodet til politikarane i Regionrådet Vest, i håp om å få offentleg støtte til prosjektet.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s