Veks på tilflytting

I Askøy har dei lagt seg saman og gjort noko. I Fjell ser det ut til at dei er blitt flinkare til å halda på tilflyttarane.
(Saka er oppdatert)

Flyttelassa sikrar folkeauken i nye Øygarden.

Det kom til 534 nye innbyggjarar i kommunane vest for Bergen i første halvår, tilsvarande ein vekst i folketalet på 0,8 prosent, i følgje SSB.

Nærleiken til Bergen er truleg berre noko av forklaringa på at tre av dei fire kommunane hadde vekst i folketalet. Folketalet i dei fire kommunane utviklar seg svært ulikt.

Tørka ut
Felles for alle kommunane er det at arbeidsinnvandringa frå utlandet har tørka inn. Innvandringa, som ein for få år sidan trudde skulle skapa ein folkevekst utan sidestykke i historien, utgjer no berre ein liten brøkdel av folkeveksten i Fjell og Askøy. Fleirtalet av dei som kjem no, er truleg flyktningar og asylsøkjarar.

Mange av dei som har kome hit frå utlandet, vel no å senda flyttelasset i retur. Situasjonen på arbeidsmarknaden indikerer at fleirtalet av desse ein gong kom hit på grunn av arbeid.

Færre ungar
Strilane føder stadig færre ungar. Det samla fødselsoverskotet i dei fire kommunane utgjorde berre 237 personar. Totalt var det ei netto tilflytting på 534 personar.

Bustad-driven
Størst har folkeauken vore i Fjell. Strilablodet vert stadig meir utvatna. Tilflyttarane driv veksten. Kommunen ser ut til å ha fått ei viss utteljing for ein bustadmarknad der tilbodet langt overgår presskommunane i det sentrale Oslo-området. Ei netto tilflytting på 224 personar, og 87 fleire fødde enn døde, gjev ein samla folkevekst på 1,2 prosent.

Fødselsoverskot
Det vert fødd klart fleire ungar i Askøy enn i Fjell, ja i heile nye Øygarden. I Askøy er fødselsoverskotet større enn netto tilflytting. 202 nyfødde mot 80 døde gjev eit fødselsoverskot på 122, mot ei netto tilflytting på berre 105 personar.

Sirkulasjonen i innbyggjarflokken er også lågare i Askøy enn i Fjell. Det kjem færre tilflyttarar, og av dei som først har busett seg der, er det færre som vel å forlata kommunen.

Samla folkevekst i Askøy i første halvår utgjer 227 personar, eller 0,8 prosent.

Nye Øygarden
Fjell er ”motoren” i nye Øygarden også når det gjeld folkevekst. For dei tre kommunane sett under eitt auka folketalet med 307 personar dei seks første månadane i år.

Også i Sund er veksande ungeflokkar hovudårsaka til at kommunen kjem positivt ut på statistikken. 12 fleire nyfødde enn avlidne, saman med ei netto tilflytting på fem, inneber ein tilvekst på 17 nye sundsokningar.

Fråflytting
Folkeveksten i Sund kan likevel ikkje oppvega fråflyttinga frå Øygarden. Kommunen var ein av 14 i Hordland med nedgang i folketalet i perioden. Heile 38 fleire valde å flytta frå Øygarden enn som sende flyttelasset vestover. Resultatet vart 22 færre Øygardsstrilar no enn ved årsskiftet.

Utvikling 1. halvår 2017 Folketal 1.1.2017 Fødselsoverskot Netto tilflytting Folkevekst Folketal 30.06.2017 %
Sund 7058 12 5 17 7075 0,2
Fjell 25204 87 225 312 25516 1,2
Øygarden 4913 16 -38 -22 4891 -0,4
Nye Øygarden 37175 115 192 307 37482 0,8
Askøy 28821 122 105 227 29048 0,8
Totalt 65996 237 297 534 66530 0,8
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s