Difor bør du nytta stemmeretten

Stortingsrepresentantane har gjeve frå seg mykje av makta si til juristane, men det er slik nordmenn vil ha det. Det er likevel ikkje noko argument for å la vera å nytta stemmeretten sin.

Når politikarane overlet stadig meir av makta til juristane, må innbyggjarne engasjera seg sterkare i politikken for å vedlikehalda demokratiet, hevdar jurist og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.

Juristen og retthistorikaren Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Bergen tydde til hagemetaforar då han freista motivera pensjonistane i Sotra og Øygarden Senioruniversitet til å forlata sofakroken og strøyma til stemmeurnene ved Stortingsvalet.

Skremt av global uro
Å nytta stemmeretten vert som å slå plenen i hagen. Lar vi vera å slå plenen, gror hagen etterkvart over. Slik er det med demokratiet og. Å stemma er naudsynt for å halda demokratiet ved like. Lar vi vera, og valdeltakinga vert låg nok, risikerer vi at dei autoritære kreftene tek kontroll. Det er skummelt å sjå kva som har skjedd i Polen og Ungarn den siste tida, seier Øyrehagen Sunde.

Uroa i den globale politikken har mange parallellar til situasjonen i mellomkrigstida. Øyrehangen Sunde ønskjer likevel ikkje å dra samanlikninga for langt.

Sett bompengane på dagsorden
Øyrehagen Sunde har fått Meltzerprisen for formidlingsarbeidet sitt. No nyttar han talegåvene til å oppfordra til politisk engasjement. Om ulvebestanden ikkje akkurat er noko stort tema her på Vestlandskysten, bør i det minste bompengane engasjera Sotrastrilane, tenkjer han.

– Bompengane er ikkje noko tema i Stortingsvalet. Politikarane ønskjer det ikkje, fordi dei veit det vil skapa konflikt. I staden vil dei ta diskusjonen like etter valet, slik at bølgjene kan ha lagt seg før neste val. Ønskjer de at Stortingskandidatane skal sleppa unna med det?

Les: Bompengekart for Sotrastrilar

Lovmakarar utan oversikt
Norske politikarar har stadig mindre handlingsrom, ser rettshistorikaren. Store delar av budsjettet er bunde opp i pliktige oppgåver. Jusen er derimot eit område der Stortingspolitikarane må jobba stadig hardare.

Siste 60 åra har talet på lovvedtak i Stortinget auka frå 80 til 125 – i året. Med 240 arbeidsdagar inneber det eit nytt lovvedtak annankvar dag. Kvart vedtak krev eit omfattande forarbeid. I snitt er det 100 sider å lesa for kvart vedtak. Ei overkomeleg oppgåve, så framt Stortingspolitikarane ikkje hadde hatt så mykje anna å gjera.

– Få Stortingspolitikarar har oversikt over kva lovar dei vedtek, hevdar jurist og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.

Frikopla frå samfunnet
Politikarane stolar staden i stadig større grad på juristane i departementa. Juristane gjer alt forarbeidet. Konsekvensane er at dei politiske prosessane vert stadig meir lukka. Meir og meir frikopla frå prosessane elles i samfunnet.

Utviklinga er deprimerande. Samstundes som talet på lovvedtak har auka, har talet på offentlege utgreiingar (NOU) i samband med lovprosessane blitt redusert, frå 70 til 20 i året.

Tilpassing til EU
Norge har i dag 700 lover og heile 11.000 forskrifter. Mange av forskriftene er kopla til EU og EØS-samarbeidet.

-Norske politikarar kunna ha vore langt flinkare til å nytta det handlingsrommet dei har til å justera og tilpassa forskriftene frå EU, hevdar Øyrehagen Sunde.

Den demokratiske utviklinga er dyster, skal vi tru rettshistorikaren.

– Først får vi ei ny forskrift frå EU. Så lagar vi ei lov i samsvar med forskrifta. Lova kjem sist, hevdar Øyrehagen Sunde.

– Stortinget har mindre makt enn nokon gong tidlegare. Det er forvaltninga som styrer, hevdar rettshistorikaren.

Han synes utviklinga er trist, men,

– Nordmenn ønskjer faktisk ein slik situasjon, hevdar han.

Fleire rettighetar
Dagens situasjon er ein konsekvens av at stadig fleire får rettighetar. Kvinner, ungar, funksjonshemma og forbrukarar er døme på grupper som har blitt meir synlege og som tek stadig større plass i samfunnet. Med det føl det og rettighetar.

– Stortinget har mista oversikten fordi det er så mange grupper som har fått rettighetar, men det er slik vi vil ha det.

-For å utøva rettighetar trengs det også eit komplekst lovverk, seier juristen.

Rettighetane gjev gruppene auka sjølvkjensle. For Øyrehagen Sunde personleg har det mellom anna ført til at han snakkar Uskedalsdialekten utan å skjems. For få år sidan ville dialektbruk ha vore uråd å kombinera med ein jobb som jurist.

– Dialektbruken er eit teikn på at eg tør gjera gjeldande rettighetane mine. Til det trengst eit juridisk system der eg kan gjera rettighetane gjeldande.

Endra moral
Med auka velstand har også moralen blitt endra. Vi er blitt friare. Halvparten av alle ungar i dag er fødd utanfor ekteskap, og ingen reagerer. På slutten av 60-talet ville born fødd utanfor ekteskap i Kvinnherad blitt omtala som lausungar, noko som ville ha vore ei stor skam.

Den endra moralen har i staden ført at arveoppgjera vert stadig meir kompliserte. Noko vi treng eit lovverk for å handtera.

Før 1955 var det ei skam å gå konkurs. Ikkje berre det – dei som gjekk konkurs fekk forbod mot å stemma ved Stortingsval dei neste ti åra. I dag er ein konkurs ikkje lenger skambelagt. Moralen har forsvunne, jussen har teke over.

Alt har sin pris
– Høg velstand og stor personleg fridom har ein pris. Vi betaler med ei omfattande juridisk regulering.

– Stortinget har gitt oss det vi samfunnet vil ha, men samstundes har Stortinget redusert si eiga rolle. Demokrati i Stortinget betyr mindre, når vi har fått eit samfunn slik vi vil ha det. Er demokratiet ein pris vi må betala? spør han.

Demokrati-reise
Rettshistorikaren tok tilhøyrarane med på ei reise i demokratiet sin nære historie. I 2019 har vi hatt allmenn stemmerett i 100 år. Stemmeretten var eit resultat av sterkt påtrykk frå ulike interessegrupper. Som trygdemottakarar, ville ikkje pensjonistar hatt stemmerett for 100 år sidan. Diverre veit ikkje alle å setja pris på rettigheten dei har fått. Mange vel å sitja heime.

– Den aukande polariseringa kring politiske spørsmål internasjonalt vil gjera utslag på oppslutnaden om Stortingsvalet her heime, håpar Øyrehagen Sunde.

Brytningstid
I Norge har vi lagt bak oss to – tre tiår med god tilgang på ressursar og vekst i velstand. Periodar prega av god ressurstilgang vert gjerne prega av større harmoni. Veljarane klumpar seg saman i sentrum. No vert ressursane knappare, og vi opplever ei politisk brytningstid. Folk er urolege og fryktar i aukande grad for framtida.

Aukande robotisering i arbeidslivet, flyktningskrisa og klimaendringar er med å utvikla ein aukande politisk uro. Men det må ikkje verta eit argument for å la væra å stemma, hevdar Øyrehagen Sunde.

Engasjer deg!
– Det er skummelt å sjå kva som har skjedd i land som mistar oppslutnaden om demokratiet. Utviklinga startar med at innbyggjarane ikkje deltek i vala. Landa får autoritære system i staden, sjå berre på Polen og Ungarn, seier han.

Å nytta stemmeretten ved Stortingsvalet er ikkje nok til å halda kontroll på ugraset i demokratiet sin hage.

– Folk må engasjera seg også dei åra det ikkje er val. Vi treng eit aksjonsdemokrati der folk engasjerer seg, set seg inn i einskildtema og talar og skriv om det. Det viktigaste er å engasjera seg.

– Stemmeretten er sentral i demokratiet, men han er ikkje heile demokratiet, seier jurist og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s