Ikkje kast! Selg!

Kjetil Hansen er sjokkert over alt det Sotrastrilane kastar. Snart arrangerer han Baklukeloppis der vi istaden kan selja noko av det vi ikkje lenger treng.

Kjøkkenreidskapar og barnetøy. 3. september håpar Kjetil Hansen å fylla skuleplassen på Liljevatnet skule med bilar og familiar som har brukbare ting dei ønskjer å selja. Dottera Victoria vil hjelpa til med å selja vaflar.

Seriegründaren frå Våge har funne eit nytt prosjekt. Han har sikra seg retten til å arrangera Baklukeloppis på Sotra.

Les: Inviterer til Aromafest

3. september skal Sotrastrilane kunna fylla bilen med alt frå møblar via kjøkkenreidskap og barneklede til bøker, og møta opp på Liljevatnet skule. Her kan dei selja, eller byta, gjenstandane.

-Utfordringa vert å selja meir enn ein det ein tek med seg heim att, trur Hansen på grunnlag av eigne erfaringar.

Eld i tørt gras
Gjenbruk er i tida. Baklukeoppis er opphaveleg eit svensk arrangemet, som har spreidd seg nærast som eld i tørt gras i grannelandet, fortel Hansen.

Initiativtakaren har sjølv vore ein flittig gjest på gjenbruksstasjonen. Der har han fått augo opp for alt det verdfulle Sotrastrilane kastar. Svært mykje av det kunna ha kome til svært god nytte hos andre, er han overtydd om.

Gratis marknadsplass
Baklukeloppis er eit forsøk på å skapa ein marknadsplass for sal og byte av slike gjenstandar. Med Baklukeloppis får seljarane pengane sjølv.

Tilbodet vert å oppfatta som ein konkurrent til digitale tilbod, som torget på Finn.no og Kjøp&salg-grupper på Facebook. Slår det an, kan det verta merkbart og for frivillige organisasjonar som organiserer loppemarknadar for å skaffa pengar i kassen, trur Hansen.

Ting plass!
Det er gratis å delta, men ein må tinga plass på førehand. På skuleplassen på Liljevatnet vil det vera plass til 80 bilar. Så langt har Hansen fått 26 påmeldigar, så det er god plass til fleire.

Treng frivillige
I håp om å gjera det uformelle arrangmentet til ein sosial suksess har Hansen mobilisert heile familien, mellom anna til å steikja vaflar. Men han treng fleire frivillige, mellom anna til å dirigera bilane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s