Gjestekommentar: Einklare å skapa nye jobbar

Den som skapar ein arbeidsplass for seg sjølv og nokon til, har verkeleg noko å vere stolt av. Ein gründer vågar å tenkje nytt og tar stor risiko.

Av Terje Breivik, 1. kandidat for Venstre i Hordaland

Nystart verksemder med færre enn tre tilsette bør sleppa å betala arbeidsgjevaravgift dei første tre åra, føreslår Terje Breivik.

For Venstre er det eit mål at fleire startar for seg sjølv, og at det skal bli så lett som mogeleg.

For det er ikkje så lett i dag. Viss du har starta ein ny bedrift og vil tilsette fleire, er ein rekning frå skattekontoret som heiter arbeidsgjevaravgift noko av det første du får. Venstre meiner dette er ei dårleg betaling for å ha skapt ein ny arbeidsplass. Venstre vil difor fjerne arbeidsgjevaravgifta i inntil tre år for nystarta bedrifter med mindre enn fem tilsette. Det vil senke terskelen for å tilsette fleire for mange av dei små, nystarta bedriftene i fylket.

Venstre vil òg fjerne diskriminerande reglar som gjer at desse eldsjelene betalar meir skatt og har dårligare sosiale ordningar enn andre lønsmottakarar. Spesielt kvinnelige gründerar i tradisjonelt kvinnedominerte sektorar er ei utfordring. Sjølvstendig næringsdrivande har for dårleg tryggleik om dei skulle bli sjuke eller gravide. Det er ein urettferdigheit Venstre vil gjere noko med.

Nye bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande skapar ein stad mellom 20.000-30.000 nye arbeidsplassar i året. Venstre har som mål å doble dette. Det viktigaste for alle nye bedrifter er at dei skal løne seg. I dag betaler sjølvstendig næringsdrivande meir skatt enn andre lønnsmottakarar, sjølv om dei ikkje har høgare inntekt. Dei må òg betale skatt på forskot, før pengane dei tener er på konto. Dette vil vi endre på.

For å jamne ut ulikskap mellom jobbskaparar og arbeidstakarar, vil Venstre innføre same minstefrådrag for sjølvstendig næringsdrivande og enkeltpersonføretak som for personlege skatteytarar.

I framtida treng Norge mange nye arbeidsplassar. Samfunnet vårt skal gjennom ei stor grøn omstilling, og dei som skapar jobbar spelar ein heilt avgjerande rolle. Vi trenger ein næringspolitikk som er på lag med framtida.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s