Sette kurs for Langøymarknaden

Lyden av stempelslag frå 2-takts motorar i 8 knops fart.  Fjell Kystlag har ført Sotrastrilen sine gamle bruksbåtar til Langøymarknaden.

Langøymarknaden er eit av årets høgdepunkt for Fjell Kystlag. Etter at Stiftinga Langøy vart nedlagt er det dei som vidarefører Sotrastrilen sitt populære seinsommartreff i skjærgarden, fortel leiar Rolf Henriksen i Fjell Kystlag til nettavisa Tunnelsyn.

I år deltek dei for 20. gong.

Vern gjennom bruk
Vern gjennom bruk er Kystlaget sitt motto. Då passar det fint å visa fram eit representativt utval av dei 26 båtane dei har restaurert og vedlikeheld.

Båtar som Kystlaget har berga unna Jonsok-bålet og sikra for etterslekta.

Dette året stiller dei med sju båtar. Ombord i den tidlegare basbåten «Osvald» pløyer eg bølgjene i 7 – 8 knops fart, undervegs frå basen på Ågotnes, gjennom Solsviksundet og til den gamle handelsstaden på Langøy. Konstruksjonen på båtane begrensar farten, men gjennom det smale Solsviksundet er sjølv 7 knop for mykje, ifølgje Henriksen. Gudmund Vindenes sørgjer for stø kurs.

Sotrastrilen sine bruksbåtar
Den 100-årige gavlbåten «Norden» med segl, den motoriserte gavlbåten Reidaren, ein 150 år gammal seksæring og ein færing høyrer med i følgjet. Ein 44 fots ombygd kuttar som til vanleg held til ved slippen i Storesund, kompletterer utvalet.

Kvar av båtane har sin historie.

-Dette var Sotrastilen sine bruksbåtar gjennom 100-året frå 1860 til 1960, omtrent. Båtar som vart nytta til fiske og til transport, oppsummerer Henriksen.

Kystlaget skulle gjerne utvida utvalet. Plassmangel gjorde at dei nyleg måtte takka nei til ein komplett rodorry frå Herdlevær bygd tidleg på 1900-talet. Heldigvis fann dei nokon i Austevoll som både ville og kunne ta vare på klenodiet.

Rekordmange utstillarar
I år har Kystlaget fått med seg rekordmange utstillarar til Langøy. Brukskunst, bøker, maleri og kortreist mat er noko av det publikum kan kjøpa med seg heim.

Les: Kystsogeromantikk i beste kremmartradisjon

Ungane kan boltra seg i den skjerma badevika, prøva seg i kano eller kajakk.

Prøv coastering!
For dei mest vågale stiller Sotra og Øygarden jeger og fiskarforening med noko heilt nytt dette året: Coastering. Iført våtdrakt kan dei prøva seg på klatring, hopping og dykking i tidevassbeltet.

Noko for deg?

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s