Klar for flytande vindkraft

Før vi kan få norske offshore vindkraftprosjekt må kostnadane ned 40 – 50 prosent. Internasjonalt er norsk leverandørindustri likevel godt posisjonert for oppdrag.

Vindturbinane til Hywind-prosjektet utanfor Skottland vart monterte på Stord. Her forlet den siste av dei fem turbinane Stord tidlegare i sommar. Foto: Øyvind Gravås/Statoil ASA.

Offshore vindkraft er eit av GCE Subsea sine tre strategiske satsingsområde for offshoreleverandørar på leit etter nye marknadar. Nest etter maritim industri og havbruk er dette det satsingsområdet som medlemmane oppfattar som mest aktuelt, fortalde forretningsutviklar Gunnar Buvik på møtet medlemsorganisasjonen arrangerte i samarbeid med NORCOWE sist veke.

Vindparkar på land er etterkvart blitt eit vanleg syn langs Norske-kysten. Dei norske kraftprisane gjer at vi likevel må heilt til Skottland for å oppleva næraste offshore vindkraft-prosjektet. Der installerer Statoil i desse dagar pilotprosjektet Hywind som skal forsyna 20.000 hushaldningar med vindkraft, ifølgje Statoil ASA.

Utlyser kontraktar
Norsk leverandørindustri har eit godt utgangspunkt for å delta i konkurransen om oppdrag i samband med drifta av dei fem flytane vindkraftturbinane aust for Peterhead, ifølgje Andrea Eugster og Arne Eik i Statoil.

Samla bemanning for drifta av Haywind-prosjektet er rekna til å utgjera 60 årsverk, årleg, gjennom ein 20-årsperiode. Kontraktane vil fordela seg på dei fem hovudområda:
*Fartøy
*Prognoser for energiproduksjon og behov for risikobasert vedlikehald,
*Overvaking og instrumentering,
*Inspeksjon ved hjelp av droner

Konkurranse
*Subsea inspeksjon av fundament/ankring. Carbon Trust utlyser i desse dagar ein konkurranse om korleis metodane for inspeksjon av undervasstrukturane til vindturbinane kan verta meir effektiv. Vinnaren vil få lov å testa metoden på Haywind-feltet.

50 % kostnadskutt
Kostnadane må ned med 40 – 50 prosent, skal offshore vindkraft verta konkurransedyktig med annan energiproduksjon innan 2030, ifølgje Andrea Eugster i Statoil.

Kostnadskutta må fordela seg over alle fasane i vindkraftturbinane si levetid. NORCOWE, Norwegian Centre for Offshore Wind Energy, har identifisert fire overordna forskingsområde som kvart for seg kan bidra til å oppnå slike radikale kostnadskutt.

Vindsystem
Auka kunnskap om vindsystema over sjø og korleis dei utviklar seg i atmosfæren. Den kunnskapen ein til no har, er innhenta over land.

– Hav og atmosfære heng tett saman. Endring ein stad kan få verknadar heilt andre stadar, seier forskar Joachim Reuder ved Geofysisk Institutt.

Auka kunnskap her vil bidra til betre prognoser for energiproduksjon, og til utviding av tidsvindauge for installasjon og vedlikehald av vindturbinar.

Unngå turbulens og vindskugge
Utforming av vindparken, korleis vindmøllene bør plasserast i forhald til kvarandre, for å oppnå optimal energiproduksjon. Ei ugunstig utforming kan føra til at inntil 50 prosent av energien går tapt som følgje av turbulens og vindskugge, ifølgje Reuder.

Betre design av vindturbinen, og utforminga av sjølve rotorblada, vil kunna bidra til å optimera energiproduksjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s