Eigedom for milliardar skifta eigar

Det vart omsett eigedom til ein samla verdi av 2 milliardar kroner i kommunane vest for Bergen i første halvår.

Talet på eigedomar som har fått ny eigar, 2016 samanlikna med første halvår 2017, kommunevis fordeling.

Redusert folkevekst har tydelegvis hatt liten innverknad på eigedomshandelen i regionen. Dei førebelse tala frå SSB for heimelsoverføring av fast eigedom viser at til saman 653 bustadar i Fjell, Sund, Askøy og Øygarden har fått ny eigar i første halvår i 2017.

All fast eigedom
Oversikten omfattar all fast eigedom som har skifta eigar, frå einebustadar, via rekkjehus og sjølveigande leilighetar, til burettar i burettslag, føresett at heimelsoverføringa skjedde til ein fastsett verdi.

Samla verdi for dei overdregne eigedomane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy utgjorde 2,03 milliardar kroner.

Hopp i Fjell

Den samla verdien av eigedomane som har skifta eigar, kommunevis fordeling.

Størst har aktiviteten på eigedomsmarknaden vore i Fjell. Eit veldig hopp i talet på selde bustadar i første kvartal resulterte i at heile 355 eigedomar i kommunen fekk ny eigar i løpet av dei seks første månadane.

Talet på omsette einingar i første halvår utgjorde 68 prosent av det som vart seld i heile fjor. Eigedomsmeklarane i Fjell ligg dermed godt an til å slå fjorårets samla omsetnad på 1,65 milliardar kroner.

Fall i Askøy

Prosentvis fordeling av verdien i eigedomsmarknaden, etter kommune, i 2016.

I Askøy har utviklinga på eigedomsmarknaden gått motsett veg. 232 omsette eigedomar i første halvår utgjer berre 37.8 prosent av salet i heile fjor.

Verdien på dei omsette eigedomane utgjorde 727,5 millionar kroner, mot 1,99 milliardar kroner for heile fjoråret.

Redusert verdi
Både i Sund og Øygarden har talet på omsette eigedomar gått ned samanlikna med same perioden i fjor. Samstundes har verdien sunke sterkt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s