På sporet av dei aller første Sotrastrilane

Utgravinga av steinalderbuplassen på Bildøygarden og kvardagen til dei aller første Sotrastrilane fengjer.

”Heile Bildøy og halve Fjell” møtte då arkeologane inviterte til open dag på Bildøygarden.

Arkeologiske utgravingar er eit møysamt arbeid.

Heile 12 buplassar frå steinalderen er lokalisert i traseen til det nye Sotrasambandet. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Lova om automatisk freda fortidsminne inneber at vegbyggjarane må finansiera det som vert eit av dei aller mest omfattande utgravingsprosjekta i regi av Fornminneseksjonen ved UiB.

Denne og neste sommar må arkeologane jobba overtid for å grava ut og registrera buplassane før dei forsvinn under asfalten. I vinter skal funna analyserast og registrerast i databasar.

Rike fiskeressursar
Buplassane ved Bildestraumen og ved Straumsundet var dei største som er funne i dette prosjektet. Tilgangen på dei rike fiskeressursane ved Bildestraumen medverka til at det i periodar kan ha budd ei stor familiegruppe på 10 – 15 personar heilt i sjøkanten av det som den gongen var ei lun og skjerma bukt, fortalde omvisar Sigrid Hervig.

Restane etter busetnaden viser at dei har budd tett, truleg i ein slags telt, men med tre og stein rundt.

Møysamt arbeid

Isabel Furesund soldar all jorda og freistar fanga opp små bitar som kan gje verdfull informasjon om livet til dei aller første strilane.

Dei aller første Sotrastrilane var først og framst fangstfolk. Korvidt dei har hatt sau eller andre husdyr er vanskeleg å seia. Mykje regn og surt jordsmonn har fare hardt fram mot alt organisk materiale. Bein, fiber, skinn – er tæra vekk av tidas tann. I beste fall er det berre ørsmå fragment tilbake. Dei inneheld til gjengjeld desto meir verdfull informasjon.

Eit sotsvidd skal frå ei hasselnøtt til dømes, hintar om eit allsidig kosthald.

For å finna dei ørsmå spora etter dei aller første Sotrastrilane må all jorda på buplassane gravast opp og soldast. Arkeologiske utgravingar er eit møysamt arbeid. 20 arkeologar deltek i utgravingane denne sommaren.

Storparten av dei 100.000 registrerte funna består av stein og steinreidskap, ifølgje Hervig. Eit fint avrunda fiskesøkke og blankpolerte pilespissar røpar at dei må ha vore flinke handtverkarar.

Mobile
Steinalderfolka var mobile. Truleg har dei hatt vinterbuplassen sin her ute ved kysten. Om sommaren kan dei ha vore lenger inne i fjordane på jakt. Funn av grønstein som elles berre finst på Bømlo, og flint frå Danmark, viser at dei må ha hatt båtar og visst å ta seg fram til sjøs, ikkje berre langsmed kysten, men også over ope hav.

4.000 – 7.000 år
Ved Bildestraumen kan det ha vore meir eller mindre samanhangande busetnad i både yngre og eldre steinalder, frå 4.000 – 7.000 år sidan.

Utgravingane viser at folk har flytta etter sjøkanten, ettersom landet har heva seg.

Dei aller første Sotrastrilane ser ut til å ha budd i Arefjordspollen. Buplassen der er den eldst som er kartlagt i samband med Sotrasambandet, truleg oppimot 10.000 år gammal.

Interessert i å læra meir om funna? På denn sida publiserer UiB videoar med ulike tema relatert til arkeologi på Sotrasambandet.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s