Ny smell for Nordahl-Pedersen

Straumerederiet Norshore er konkurs, med ei gjeld på kring 360 millionar.

(Saka er oppdatert)

Boreskipet Norshore Atlantic kosta 1,5 milliardar då det vart levert i 2014, men lukkast berre med å få sporadiske, kortsiktige kontraktar. Foto: Norshore.

Tidlegare denne veka vart buet i dei tre selskapa Norshore Holding AS, Norshore AS og Norshore Management AS overlevert til Bergen Tingrett. Verksemdene opplyser sjølv at dei har ei gjeld på kring 360 millionar kroner, ifølgje Finansavisen.

Ramma av kollaps
AGR-gründer Geir Nordahl-Pedersen var ein av inititativtakarane og hovudaksjonærane i Straumerederiet dei færraste Sotrastrilar har høyrt om. Nordahl-Pedersen var også styreleiar i selskapet fram til februar i år.

Marknadskollaps
Rederiet skulle byggja og drifta fem boreskip til olje og gassnæringa. Berre eit av skipa vart levert. Flaggskipet Norshore Atlantic kosta kring 1,5 milliardar kroner då det vart levert i 2014.

Kollapsen i riggmarknaden året etter førte til at eigarane berre har lukkast å få sporadiske, korte kontraktar for boreskipet, ifølgje Finansavisen.

Milliardtap
Satsinga har svidd for aksjonærane. Verksemdene har bokført eit samla tap på 1,3 milliardar kroner for 2015 og 2014.

Største eigar ved konkursen er Champion Ocean Holdings med 60,2 prosent eigarandel.

Lite hyggeleg
Tiåret etter at Geir Nordahl-Pedersen selde seg ut av livsverket AGR, har vore lite hyggeleg for offshoregründaren.

Heller ikkje satsinga på landbaserte boreriggar i Ability Drilling ASA lukkast for seriegründaren.

Atlantic Offshore
Konkursen vert den andre store rederikonkursen som rammar offshoremiljøet på Sotra i løpet av eitt års tid. I fjor vår gjennomførte hovudaksjonærane i Atlantic Offshore ein redningsoperasjon som innebar samla tap for aksjonærane på over ein halv milliard kroner.

Les: Kreditorane tapar ein halv milliard – Atlantic Offshore konkurs

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s