Situasjonen på arbeidsmarknaden er ikkje fullt så lys som NAV vil ha det til.

Eit djupdykk i augusttala viser at stadig fleire arbeidssøkjarar ikkje lenger er heilt ledige, men går på tiltak. Tiltak er ikkje arbeid. Av dei 1906 hordlendingane som går på tiltak, finn vi heile 245 i kommunane vest for Bergen. Heile 102 av dei er heimehøyrande i Fjell.
Samstundes vert stadig fleire langtidsledige. Heile 2.758 hordlendingar har no vore utan arbeid i eitt år eller meir, og det er 437 fleire enn til same tid i fjor.
Mista rett på dagpengar
Arbeidssøkjarar har rett på dagpengar i maksimalt to år. Heile 525 hordlendingar opplevde å mista retten på dagpengar i løpet av første halvår i fjor.
Ei undersøking gjennomført eit halvt år seinare viste at 30 prosent hadde klart å få seg arbeid, medan 22 prosent framleis var registrerte som arbeidssøkjarar, men utan noko form for støtte frå NAV.
Heile 28 prosent var ikkje lenger registrert hos NAV. Årsaka kan vera at dei var blitt student, hadde starta eige firma, var blitt heimeverande eller hadde utvandra. Hos NAV veit dei ikkje.
Arbeidsløysetala vert rekna i prosent av arbeidsstokken. Når arbeidsstokken krympar, vil arbeisløysa også verta mindre, avdi færre inngår i utrekningsgrunnlaget.
Ned i Fjell, opp i Askøy
Totalt 1.551 personar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er no registrerte som arbeidssøkjarar hos NAV. Det er fem fleire enn i juli. I Fjell er det heile 30 fleire som no er i jobb, samanlikna med for ein månad sidan. I Øygarden har det blitt fem færre ledige.
I Askøy var det derimot ti fleire ledige ved utgangen av august enn ved siste månadsskifte. I Sund auka talet på ledige frå 178 til 183 i august.
heilt ledige august 2017 | på tiltak | totalt august | juli.17 | Endring | |
Sund | 147 | 36 | 183 | 178 | 5 |
Fjell | 579 | 102 | 681 | 711 | -30 |
Askøy | 461 | 87 | 548 | 538 | 10 |
Øygarden | 119 | 20 | 139 | 144 | -5 |
1306 | 245 | 1551 | 1571 | -20 |