Rå valretorikk?

Sylvia Listhaug og Trump vert begge skulda for å driva ein valkampretorikk som driv politikken ut mot ytterste høgre. Men er det no eigentleg så store skilnadar på den politiske språkbruken før og no?

Nettavisa Tunnelsyn har ingen planar om å gå i polemikk verken med Listhaug eller Trump – ikkje i denne saka, i det minste. Derimot vil vi presentera nokre sitat frå ei ”skjemtevise” som vart framført på siste møte i kommunestyret i Fjell i desember 1945.

Maktrokering
1945. Freden var sikra, tyskarene var slegne og det var blitt gjennomført eit nytt val på kommunepolitikarar. Lærar Hans Rønnestrand hadde fått avløysing som ordførar (1929 – 1941 og 1945). Tannlege Ole Bjorøy skulle overta. Ei intern maktrokering på Brattholmen.

Les: 60-metaren på sokkaleisten

Betre før?
Politikken likar å gjeva seg ut for å vera ein arena for debatt. Når vi høyrer etter, synes den politiske arenaen til tider likevel vera prega av sjølvskryt og skuldingar om at motstandarane er håplaust udugelege.

Les vidare så kan du avgjera sjølv om alt var så mykje betra før.

Skjemt?
Det gjekk truleg lystig føre seg på heradstyremøtet 15. desember. Det påtroppande kommunestyret hadde i alle fall skrive og framført ei eiga vise med 12 vers og refreng. Tittelen skjemtevise vitnar om at fjellsokningen har tradisjon for å snakka rett frå levera. Forskjellen på spøk og hån kan til tider avhenga av kven som lyttar.

Det byrjar forsiktig. ”Programmer og planar det vanta dei gamle”, song det nye kommunestyret. Det kan tydelegvis aldri verta for mange planar. Moderne politikarar vil nok også nikka gjenkjennande til strofen om at ”No skal det verta god skikk på alt i vår bygd”.

Investering
”Godt arbeid til alle, er tida sitt krav”. Krigen hadde gjort slutt på arbeidsløysa som reid mellomkrigstida som ei mare, no gjaldt det å oppretthalda sysselssetjinga. At skular for ungdomen skulle reisast i ein fei, er også ein lovnad vi kjenner godt att. Vedlikehald av dei eksisterande er som kjent heller ikkje i dag eit tema som dreg stemmer i ein valkamp.

”Fisk, sild og kjøt skal ikkje lenger verta sur. Heretter skal vi spara på saltet og berre eta ferskt”, er derimot ein påstand som står fjernt frå dagens politikarar. Med freden kom fryse- og kjøleanlegg for fullt, både i næringslivet og i heimane. Her skulle det investerast. Det skal det framleis, men på heilt andre område.

Historielaust
Verre for gamleordføraren og dei andre som no vart takka av, var det truleg å fordøya påstanden om at ”De gamle de hadde ’kje initiativ, hadde ikkje vit på moderne liv. Det var då på tida de alle gjekk av – sitja der og stengja for så store krav”. Krigen var tilbakelagt. Krigen var gløymt. At det må ha vore ei stor påkjenning å halda det gåande gjennom krigsåra, talde tydelegvis ikkje.

Øvrigheita
Politikk var for dei velutdanna og rike. Heile øvrigheita i Fjell, med tannlege, lege og lensmannsfullmektig i spissen, var samla i det nye kommunestyret. ”Har dei ei verkjande tann eller tå, på heradstyremøta dei lækja den få”, messa dei nyvalde politikarane. Då som no breia politikken seg inn i alle livets område…

Skjult trussel?
Eit visst sakleg nivå måtte det likevel vera på debatten: «Ingen fornærmelsar så det blir spent», oppfordra dei seg sjølve.

Skulle orda verta for harde, vel, så kjente fullmektigen den tyske tortur. Så fekk no kvar og ein avgjera om det skulle oppfattast som ein trussel…

Skjemtevisa er utlånt av Solveig Rønnestrand Andersson.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s