9 av ti strilar er digitale

Dei digitale breibandsnetta i kommunane vest for Bergen vert stadig meir finmaska. Ni av ti strilar har no breibandsabonnement i heimen. Einast i Askøy heng utviklinga etter.

Å sjå film på dataskjermen krev stor overføringskapasitet. Innbyggjarane vest for Bergen har likevel mindre raske abonnement enn nordmenn flest. Foto: Telenor.

Høgast er oppslutninga om dei digitale breibandstilboda i Sund. Frå sommaren 2016 og til no har utbreiinga av heimeabonnement i kommunen auka frå 88,9 til 91,8 prosent, ifølgje SSB.

Oppslutninga ligg godt over snittet for norske heimar. For landet sett under eitt, er det berre 84,8 prosent av heimane som har teikna avtale om breibandsabonnement.

Frå sofakroken
Fjellsokningane og Øygardsstrilane er nesten like ivrige som sundsokningane etter å lese epost og surfa på nettet frå sofakroken. I Øygarden har breibandsdekninga auka nesten like mykje som i Sund siste året. Her er no 89,2 prosent av heimane digitalt oppkopla.

I Fjell har tempoet i oppkoplinga tilsynelatande dabba av. 90 prosent dekning er 1,7 prosent betre enn i fjor sommar.

Dabba av har utbreiinga også i Askøy. Berre 84,9 prosent av asketappane har breiband i heimen. Siste året har prosentandelen heimar med breibandsabonnement auka med berre 1,5 prosent.

Film
Ser vi på overføringshastigheten, endrar biletet seg. Her ligge dei fire kommunane vest for Bergen etter den nasjonale utviklinga.

Bruk av datanettet til overføring av film og kringkasting krev stor kapasitet. 46,4 prosent av dei digitale asketappane har valt å gå for dei raskaste abonnementa, med ein overføringskapasitet på 32 Mbit i sekundet eller meir.

Dei valde abonnementstypane i Fjell og Øygarden røpar at innbyggjarane her er om lag like ivrige etter å få med seg dei siste nye seriane via data-skjermen.

Når det kjem til hastighet er det sundsokningane som heng etter. Knappe 40 prosent av breibandsbrukarane i kommunen har valt å gå for ein av dei to raskaste abonnementstypane.

Gjennomsnittsnormannen nyt til gjengjeld godt av ein overføringshastighet på 63 Mbit i sekundet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s