Ekspressbuss til Fyllingsdalen og Sandsli

Ekspressbussruter frå Straume til Kokstad/Sandsli og til Fyllingsdalen gjennom Knappetunnelsen vil kunna bidra til å kutta køane på Sotrasambandet i rushtida.

Berre 30 prosent av dei reisande frå Sotra skal til Bergen sentrum. 67 prosent av dei reiser kollektivt.

Det er ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell som seier dette til kommunen si heimeside i etterkant av reisevaneundersøkinga som vart gjennomført sist veke.

Representativt
922 personar, dei aller fleste heimehøyrande på Litle Sotra eller i Fjell, svara på undersøkinga. Totalt representerer dei 17 prosent av alle dei reisande i tida frå klokka 6.00 til 9.00, ifølgje trafikkplanleggjar Helge Hopen.

Kutta reisetida
Ei ekspressbussrute gjennom Knappetunnelen vil kutta reisetida kraftig samanlikna med i dag, og vil kunna verta eit attraktivt alternativ til å nytta privatbilen.

Tek bilen
13 prosent av dei reisande skal til Sandsli – Kokstad-området. 7 prosent skal til Fyllingsdalen. I dag er det berre 5 prosent av dei reisande til Sandsli/Kokstad og 2 prosent av dei som skal til Fyllingsdalen som tek bussen. Dei øvrige køyrer sjølv.

Spreidd reisemønster
Berre 30 prosent av dei reisande skal til sentrum, men her er det alt 67 prosent som reiser kollektivt. 26 prosent av dei reisande skal til andre bydelar i Bergen.

Det er Skyss som har ansvar for planlegging av bussrutene i Hordaland.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s