Bygdebøker på julesal

Slektar du frå Sund, men manglar gards- og slektssogene? I haust kan du sikra eit bokkupp til glede for deg sjølv og etterslekta.

Trass i mykje god omtale – salet av dei fem banda i ”Sund på Søre Sotra, gards- og slektssoge” har ikkje gått heilt som forventa.

Sundsokningane har kjøpt bandet som omhandlar heimbygda, kan hende eitt til.

Eindel har tydelegvis syntes at prisen har vore for stiv, og venta på salet. Uansett årsaka – mindre enn tredelen av opplaga er selde. Istaden har bøkene hopa seg opp i kjellaren på kommunehuset.

Men i kjellaren kan dei ikkje bli verande. For at sundsokningane skal få glede av bokverket, vedtok eit samrøystes formannskap i kveld ein salskampanje for det som kan visa seg å verta årets mest populære julegåve i kommunen.

Denne hausten kan du få kjøpt alle fem banda av gards- og slektssoga som ein pakke for 1.000 kroner. Har du ei av bøkene frå før og kjøper fire, vert pakkeprisen den same. Sjølv om du kjøper bøkene einkeltvis, kan du rekna med ein kraftig rabatt. Då vert prisen 300 kroner, var formannskapet samde om.

Gards- og slektssoga for Sund er relativt ny. Første bandet kom i 2012, femte og førebels siste i fjor.

Sjette og siste bandet skal omhandla kulturlivet i kommunen, og skal etter planen vera klart innan Sund går inn i ein ny kommune 1.1.2020.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s