Eitt steg nærare fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy

Eit fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy oppfyller krava i dei nye reglane for finansiering gjennom ferjeavløysingsmidlar.

Ei bru over Åleknappsundet vil gje øybuane på Lerøy og Bjelkarøy vegsamband til Hjellestad, til avslasting for Sundferja.

Det har samferdselsdepartementet bekrefta i eit brev til Hordaland fylkeskommune, kunne ordførar Kari-Anne Landro fortelja formannskapet i Sund i går.

Les: Enno fleire hindre for fastlandssamband til øybuane på Lerøy og Bjelkarøy

På same bane
Endeleg, 22. august klarte Sund-ordføraren å få til eit felles møte med Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune om det lenge etterlengta fastlandssambandet frå øyane i Raunefjorden og over Åleknappsundet til Hjellestad.

– Vi er på same bane, konstaterer ein letta ordførar i Sund etter møtet med representantar for Bergen kommune.

Med i RTP
Før ferien kom sambandet kom inn i Regional Transportplan som eit av fire aktuelle vegprosjekt for finansiering ved bruk av ferjeavløysingsmidlar i fylket.

Manglande reguleringsplan for den delen som ligg på Bergenssida gjer at ein likevel ikkje rekk å få søknaden avgarde i år, slik at ein kan sikra finansiering i samsvar med dagens reglar.

Les: Stønadskutt trugar fastlandssambandet til Lerøy og Bjelkarøy

Faktiske kostnadar
Med dei nye stønadsreglane er det dei faktiske ferjekostnadane som tel som utgangspunkt for utrekninga av ferjeavløysingsmidlane. Utsiktene til stønadskutt uroar ikkje ordføraren i Sund.

– Dei faktiske kostnadane med ferjesambandet, fordelt over 40 år, ikkje vil vera så veldig langt unna den finansieringa vi hadde sett for oss i første runde, seier Landro.

Les: Ferjeavløysingsmidlar kan gje 600 millionar til fastlandssamband

Reknestykke
For å få fortgang i prosessen, har rådmann Rune Lid i Sund fått i oppdrag å rekna ut ei kalkyle over økonomien i eit ferjeavløysingsprosjekt. Dei faktiske kostnadane med ferjesambandet må samanliknast med ein grov kalkyle over dei antekne kostandane med eit fastlandssamband. Nøyaktige kostnadsoverslag kan ein ikkje forventa, i mangel på ein reguleringsplan. At det vil verta eit heller nøkternt samband, ligg uansett i korta, ifølgje Sund-ordføraren.

– Vi har kome eitt steg vidare. Viser det seg å vera økonomi i dette, fekk vi signal på møtet om at Bergen er med, fortalte Landro.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s