Basecamp utvidar

Basecamp vil utvida aktiviteten frå berre å reparera syklar til også å omfatta møblar, fekk Helge André Njåstad (FrP) vita under dagens omvisning på Sartor Storsenter.

Mange Sotrastrilar nyttar høvet til å få syklane sine reparert hos BaseCamp Repro. Njåstad var imponert over kor fine slitne, kasserte syklar frå gjenbruksstasjonen FjellVar kan verta med litt sandblåsing, litt lakkering og kanhende ørlite sveising.

På programmet til FrP sin førstekandidat i Hordaland stod ei full omvisning på handlesenteret som siste åra har utvikla seg til å verta eit opplevingssenter.

– Dei har noko nytt kvar gong eg er her, konstaterte austevollingen Njåstad.

Utvidar aktivitetane
Ei av nyhetene denne gongen vart openberra då turen gjekk innom Basecamp RePro.

Sykkelverkstaden som også er eit arbeidspraksistiltak, har vore så vellukka det året det har vore i aktivitet, at styret har gjeve grønt lys for å utvida aktiviteten til også å omfatta reparasjon av møblar. Kanhende fører det til at også jenter ser tilbodet om arbeidspraksis som interessant, fortalde Thomas Skålnes. Den daglege leiaren i Sartor Senterforvaltning er også styremedlem i Foreningen Basecamp.

Seks ungdomar har så langt fått ei grunnleggjande arbeidserfaring og kome seg vidare i livet gjennom ei innføring i korleis setja i stand slitne og kasserte syklar. Tre ungdomar deltek i prosjektet no, fortalde Raymond Riise som er motivator og mekanikar i sykkelverkstaden.

Les: Eit annleis tilbod om arbeidspraksis

Treng møteplassar
– Folk klarar seg ikkje utan møteplassar, og då er det greit å ha flest mogeleg tilbod å velja mellom når ein først har parkert bilen, oppsummerte Njåstad inntrykka frå omvisninga i etterkant.

Ein detalj trur Njåstad likevel at Sotrastrilane kan læra frå hans heimlege minisenter i Bekkjarvik; Plasseringa av eldrebustadane i same bygget som handlesenteret, er det som har vore det mest vellukka med senteret, hevdar han.

1.500 husvære er planlagt i tilknyting til Sartor Storsenter. Berre 150 av dei er førebels bygde.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s