Forskar på strilen sitt opphav

Strilaforskar Ivar Fjeld avviser at han freistar skapa noko opphavsmyte om at strilane kom frå Irland.

Ivar Fjeld vil vita meir om korleis ferdsla over Nordsjøen har påverka strilen.

Å granska og nyskriva vikinghistorien er i tida, ettersom forskinga får tilgang til og overset historisk materiale frå andre land. Fjellsokningen og journalisten Ivar Fjeld har særleg konsentrert seg om strilane sin historie bakover gjennom hundreåra. Tirsdag kveld fortalde han om teoriane sine på Kystmuseet i Øygarden.

Likhetstrekk
– Ingen veit kvar strilane kom frå, hevdar Fjeld.

Frå reisene sine i keltiske land har Fjeld oppdaga mange fellestrekk mellom dei ytre kyststroka i Hordaland og Connemara like ved Galway, heilt vest i Irland. Landskapet er likt og musikken minnar. Begge stadane har tradisjon for fiskarbønder, i konflikt med velståande bykjøpmenn. Ikkje minst finst det språklege fellestrekk.

– Til no har vi sett på vikingane som eit senter for reiser og ekspansjon rundt heile Nordsjøen frå 900-talet og framover. Tenk om vi snur pila, og tenkjer at keltarane kom hit først, alt på 500 – 600-talet, spør Fjeld.

Les: 2000 år med globalisering

Som journalist tenkjer han at han kan stilla spørsmål som forskarane må finna svaret på.

Finna språkleg meining
Bruken av forstavinga ”aust”, i kystkommunar som Austevoll og Austrheim er eit av dei språklege fenomena som får Fjeld til å undrast:

– Austrheim og Austevoll antydar at dei ligg aust for noko anna. Sett frå Oslo gjev namna ikkje meining. Frå Dublin derimot… seier Fjeld.

”Streel” er eit gælisk ord som vert uttalt som ”stril”. Fjeld sjølv vart først merksam på ordet i ein kjend folkesong frå Connamara. På gælisk tyder ordet ublid, eller omstreifande kvinne. Og omstreifande, det meinar Fjeld at strilen har vore.

DNA-analyser
Analyser av nordmenn sitt genetiske arvemateriale antydar at berre 35 – 40 prosent av oss er sokalla urskandinavar. Dei øvrige har DNA som antydar at ein eller fleire av forfedrene kjem frå land utanfor dei skandinaviske landa, ifølgje Fjeld.

For å visa at det har vore kontakt og slektskap over Nordsjøen, har Fjeld fått utført DNA-analyser av 20 mannlege Sotra-strilar. Det genetiske arvematerialet deira er samanlikna med menna i ein klan frå Hebridane, og med ei irsk slekt.

DNA-analysene viser at 14 av strilane har slekt på Hebridane, og at 12 av dei har slekt i Irland, ifølgje Fjeld.

Feil framstilling
– Det er feil at eg freistar skapa noko opphavsmyte om at strilen kom frå Irland, slik det har blitt framstelt i media. Eg ønskjer å forska på ordet stril, og på strilen sitt opphav, seier Fjeld.

Norsk – Keltisk forening, der Fjeld er leiar, vil vera eit naturleg senter for ei slik forsking, ifølgje leiaren.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s