Søviknes: – Klimadebatten er ikkje så einkel som folk vil ha det til

Olje og energiminister Terje Søviknes er ikkje berre oppteken av å pumpa opp olje og gass, sjølv om det kanskje kan høyrast slik ut i valkampen.

Glede i Sund Frp over å kunna avslutta valkampen på Sund Senter saman med Terje Søviknes. Fv. Kristin Jacobsen, th. Thor Morvik.

Ein broten ankel klarte ikkje hindra olje og energiminister Terje Søviknes frå å halda ein høg profil gjennom valkampen. Laurdag avslutta han med å møta tilhengjarar og motstandarar på stands på Sund Senter og Sartor Storsenter.

I eit eksklusivt intervju med nettavisa Tunnelsyn oppsummerer han valkampen.

Det sterke søkjelyset på energipolitikken i valkampen kom ikkje heilt uventa:

– Vi diskuterte det internt i partiet på førehand, og kom til at olje og gass og arbeidspassar kom til å verta dei viktigaste temaene i valkampen, særleg på Sør og Vestlandet. Fordi Miljøpartiet har kjørt så hardt på klima, har olje og gass blitt ei større sak nasjonalt enn vi hadde føresett, seier Søviknes.

Undersøkingar av kva saker som opptek veljarane støttar opp under prioriteringa. Her kom innvandring og olje og gass på topp, ifølgje Søviknes.

Utrygge veljarar
I million nordmenn har førehandsrøysta. Den rekordhøge førehandsrøystinga klarar ikkje skjula at det denne hausten også er uvanleg mange usikre veljarar. Snakket om dei mange alternative samarbeidskonstellasjonane gjer at mange er utrygge på kva politikk som kan verta resultatet, fryktar han.

Olje- og energipolitikken er eit av temaene det er størst usikkerhet rundt, slik han oppfattar det. To dagar før valet er det framleis mange poeng har fryktar ikkje har nådd fram til veljarane.

Les: Oljealderen er ikkje over

Polarisert debatt
– Det er ei veldig polarisering av debatten. Det er dei som meinar at vi bør skru att oljekrana om 15 år, som SV, MDG og Raudt. På den andre sida har du FrP og Høgre som er utolmodige etter å få fart på sysselsetjinga gjennom å tildela meir leiteareal og få opp aktivitetane, slik at vi kan hausta inntekter.

Frankrike kunngjorde denne veka at dei skal forby alt sal av fossilbilar, og stoppa all produksjon av olje og gass innan 2040. Det bekymrar ikkje Søviknes.

– Frankrike er ikkje nokon stor oljenasjon. Kva dei vedtek betyr veldig lite, hevdar han.

– Enten er du for olje- og gass, og vert sett på som tilnærma kriminell, eller så tilhøyrer du dei som vil redda klimaet og kloden, oppsummerer han det han oppfattar som ytterpunkta i debatten.

Stort energibehov
Sjølv reknar han seg for å stå ein stad midt i mellom.

At fleire land skal gjera som Frankrike er han ikkje særleg redd for:

– Verda treng store mengder energi. Det er mogeleg å ha ein høg andel olje og gass sjølv i dei scenariene der vi når Parisavtalen si målsetjing om maks to grader oppvarming, hevdar han.

Å få fram desse fakta i debatten har ikkje vore einkelt. Den felles rapporten frå Det Internasjonale Energibyrået IEA og fornybarorganisasjonen IRENA som vart lansert i vår på oppdrag frå G20-landa, legg opp til at 30 prosent av verdas energi skal koma frå olje og gass i 2050.

– 30 prosent er mindre enn i dag. På den andre sida veks folkemengda på jorda, slik at det samla energibehovet veks og det vert 30 prosent av ei mykje større kake. Det skal enormt mykje olje og gass til for å dekka etterspørselen i 2050. Norsk kompetanse på olje og gass er verdsleiande. Då må vi også vera med på å konkurrera om å levera, seier Terje Søviknes.

Angrip MDG
– Utsleppa av CO2 frå den norske produksjonen av olje og gass er berre halvparten så store som i tilsvarande anlegg i resten av verda, hevdar den norske olje- og energiministeren før han gyv laus på MDG sin klimapolitikk:

– Det er dårleg klimapolitikk å stenja ned i Norge. Om vi fasar ut, vil andre oljeproduserande land skru opp kranen.

Olje og gassproduksjonen utgjer 200.000 norske arbeidsplassar. Når Johan Castberg er ferdig utbygd i 2024, er det ingen fleire store prosjekt under utbygging.

Opna meir leiteareal
– Vi må opna for meir leiteareal. Vi treng nye funn for å oppretthalda aktiviteten, hevdar Søviknes.

– Folk må skjelna mellom å opna for nye leiteareal i eksisterande område, som Nordsjøen, Norskehavet og den sørlege delen av Barentshavet, og å opna for leiting i heilt nye område. No snakkar eg ikkje om Lofoten, Senja og Vesterålen, sjølv om FrP vil at desse områda skal konsekvensutgreiast, understrekar han.

– Valet står mellom ein stødig kurs og ny optimisme, eller eit raudgrønt alternativ der Arbeidarpartiet forhandlar med SV og MDG. Sidan dei har halde ein slik høg profil i klimasaka, er eg redd Arbeidarpartiet vert nøydd til å gje dei noko. Satsinga vert redusert, og det vert stopp i utlysinga av nye leiteareal, fryktar Søviknes.

– Småpartia vil ikkje ein gong ha nye leiteaktivitetar i område som alt er opna, som Nordsjøen og den sørlege delen av Barentshavet, hevdar Søviknes.

Godt dokumentert
”Vel du Erna, får du Irma”, var overskrifta på ein kronikk i dagens BT, skriven av Sven Egil Omdal. Nettavisa Tunnelsyn ba olje- og energiministeren kommentera innlegget:

– Sven Egil Omdal, han er jo ytterst på venstresida, var første spontane reaksjonen frå Søviknes, før han raskt henta seg inn att:

– Dette er jo ei grov foreinkling og feilkopling av fakta. Ei forsimpling av debatten, hevda Søviknes.

– Vi er nøydde til å ta klimautfordringane på alvor. Det er godt dokumentert at vi menneske bidreg. Det er likevel ingen grunn til å kopla orkanen direkte mot norsk olje og gassproduksjon. Norge står for to prosent av verdas energiproduksjon. Det har vore store naturøydeleggingar før også, legg han til.

– Under partileiardebatten i går viste Høgre, FrP, og Arbeiderpartiet at det perspektivet Omdal forfektar vert for dumt, hevdar han.

Seksar frå Forskingsrådet

Ikkje rart han smiler. Olje og energidepartementet fekk som einaste departmenet ein seksar frå Forskingsrådet for forskingsinnsatsen for fornybar energi og for å gjera olje- og gassproduksjonen meir miljøvenleg.

Etter åtte månadar som landets øvste mynde i energispørsmål forsikrar Søviknes at han har late seg fascinera av alt det han har fått læra om ein mangfaldig bransje. Difor gleda det han umåteleg at Forskingsrådet har tildelt Olje- og energidepartementet ein seksar for forskingsaktivitetane på fornybarløysingar og for å gjera olje og gass meir miljøvenleg.

– Hyggeleg at nokon registrerer kva vi faktisk gjer, smiler han.

-Eg er ikkje berre oppteken av å pumpa opp olje og gass. Fornybarsatsinga har berre ikkje like stort fokus, hevdar han.

Ja til fornybar
Ein samtale med den norske olje- og energiministeren kjem ikkje utanom fornybar energi. Fornybarsektoren vekst enormt, men frå eit ekstremt lavt utgangspukt. Sol og vind utgjer førebels berre to prosent av verdas energiproduksjon. Sjølv om andelen vert dobla, vil dei framleis stå for ein veldig liten del av den samla produksjonen, understrekar han.

Gjennom Enova har Norge ei tung satsing på ny fornybarteknologi. 2,6 milliardar kroner er sett av til å utvikla kommersielle løysingar som marknaden etterspør.

– Som minister likar eg å bruka ”ja”-stempelet. Under denne regjeringa har det blitt utbygd meir fornybar energi enn dei siste 25 åra til saman, hevdar Søviknes.

Vasskraftnasjon
Noko er vindkraft. Mesteparten er vasskraft. Ved å oppgradera eksisterande anlegg og byggja ut nye små- og mellomstor vasskraftanlegg er det mogeleg å auka produksjonen med 10 – 15 prosent. Nett no er det under utbygging 7 – 8 TWh, i tillegg til den ordinære årsproduksjonen på 148 TWh, fortel han.

Vasskrafta gjev Norge ein unik posisjon i Europa. Vi nordmenn bør vera glad det regnar. Sanninga er at vi tek vasskrafta vår for gitt.

– Norge har ein fornybarandel på 69 prosent. EU-landa har som mål å koma opp på 27 prosent innan 2020. Sidan Norge likevel møter same krava til auka produksjon av fornybar som dei øvrige landa, vert vi nøydd til å gjennomføra tiltak innan andre sektorar, som transport, landbruk og byggebransjen.
– Det er langt einklare for EU-landa. Gass inneheld berre halvparten så mykje CO2 som kol. Går EU-landa over frå kol til gass, har dei løyst sine forpliktingar. Slik Storbritannia har gjort, hevdar Søviknes.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s