4.000 nordmenn står i kø for denne bilen

Med ei køyrelengde på 520 kilometer, og pris som ein ordinær ”fossilbil”, slår Opel Ampera-E alt som finst av elbilar på den norske marknaden.

Vasskraft er eit rimeleg drivstoff. Turen Bergen – Kvamskogen – Voss – Bergen kosta under 30 kroner.

Kan hende ikkje så rart at 4.000 nordmenn har inngått avtale og ventar spent på å få han levert?

Teoretisk køyrelengde
Med ei køyrelengde på 520 kilometer byrjar litiumbatteria å nærma seg ein kapasitet som tilsvarar avstanden du kjem på ein full tank. Den oppgjevne køyrelengda er teoretisk og føreset at du køyrer moderat, på relativt flat veg, og at du ikkje nyttar varmeapparat, aircondition eller andre funksjonar som krev ekstra energi.

Fordi det er så mange faktorar som kan påverka, har Opel utstyrt Ampera-E med ein funksjon som viser kor langt du kan køyra, både med normal, moderat og krevjande køyring, og med utgangspunkt i nyleg køyrehistorikk.

Bilen er konstruert for å hjelpa føraren å køyra så langt som mogeleg på ei lading. Automatgiret sin økofunksjon inneber at bilen bremsar ned straks du lettar trykket på gasspedalen, til dømes framfor eit lyskryss.

Regenerer energi

Det oversiktlege førarmiljøet gjev først og framst informasjon om rekkevidde og energiforbruk. Eit pedagodisk grep for å lokka fram ein moderat køyrestil. Under køyring ville den raude sirkelen øvert til venstre ha vist fartsgrensa på staden.

Nettavisa Tunnelsyn testa Ampera-E frå Bergen via Kvamskogen og Voss tilbake til utgangspunktet. Vel heime att etter den 276 kilometer lange ruta hadde vi framleis 190 kilometer å gå på før neste lading, ut frå vårt køyremønster.

Den lange rekkevidda oppnår Ampera-E ved å regenerera energi undervegs. Bremsar du, lagrar bilen den kinetiske energien. Det skal ikkje lange nedoverbakken til før du aukar rekkevidda med ein kilometer eller to. Moderat køyring frå Tysse opp mot Kvamskogen innebar at vi brukte beskjedne 29 kWh oppover. Vel nede i Norheimsund hadde vi henta inn att heile forbruket.

Økonomisk val
Insisterer du derimot på å halda 80-grensa i bratte motebakkar, vil du oppleva å sjå kilowattimane renna ut framfor augo på deg. Slik sett har oversikten ein pedagogisk effekt dei meir fartsglade kan hende vil velja å skjula?

Elektrisitet er eit økonomisk lønsamt drivstoff. På heile turen brukte vi 35,6 kWh. Med dagens straumpris tilsvarar det ein drivstoffkostnad på under 30 kroner. Bomstasjonane behøvde vi heller ikkje bekymra oss for.

Digital køyreteknologi
Du skal ikkje ha site lenge i Ampera-E før det går opp for deg at Opel her tek eit langt steg i retning av å gjera avansert digital køyreteknologi tilgjengeleg for bilkøparar med ei alminneleg inntekt.

Vi testa den mest avanserte modellen, med digital førarassistent. Det inneber at bilen har montert ryggekamera, og ei mengde andre sensorar som gjer det einklare å vera sjåfør.

Sensorstyrt

Det trinnlause automatgiret har ein økofunksjon som hjelper føraren å spara energi straks han lettar trykket på gasspedalen.

Blindsonevarslarar ytterst på speglane gjer det lett å halda oversikt over trafikken i parallelle felt på motorvegen. Lukeparkering får du og hjelp til.

På Vestlandsvegar med mange tunnelar, er det behageleg for auga at bakgrunnsfargen på førardisplayet skiftar frå kvitt til mørkt grønt straks du køyrer inn i ein tunnel. Trafikkskiltlesaren sørgjer for at du veit kor fort du køyrer samanlikna med fartsgrensa på staden.

Filhaldarassistenten sørger for at du held deg midt i fila. Bevegar du deg ut på kantane, vil eit gult varsellys i førardisplayet åtvara om at du bør justera kursen. Kjem du enno lenger ut, kan du i einskilde situasjonar oppleva eit rykk i rattet, eller enda til få beskjed om å ta rattet. Biler fryktar du kan vera i ferd med å sovna!

Lading
Den norske infrastrukturen for ladestasjonar byrjar verta relativt bra utbygd. Nyttar du offentlege hurtigladestasjonar, vil ein halvtimes stopp innebera at du får energi til å køyra 150 kilometer.

Med ein ordinær ladestasjon heime, vil du kunna køyra 10 kilometer etter ein halvtime. I naudsfall vil ein vanleg jorda stikkontakt kunna gjera nytten. I så fall vil du kunna køyra seks kilometer etter ein halvtimes lading.

Gøy å køyra
Opel Ampera-E er gøy å køyra og ligg godt på vegen. Høgderegulerbare seter sørgjer for at sjølv relativt kortvakste klarar halda god oversikt. Setene manglar likevel den støtta for korsryggen som trengst for å gje god førarkomfort på langkøyring.

Startpris er 314.900 kroner. Metallic lakk, digital førarassistent og skinnseter bring prisen opp mot 350.000 kroner.

Dei første bilane vart levert i Norge i mai. Tingar du ein Opel Ampera-E i dag, får du han tidlegast levert våren 2019.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s