Veljarane vil ha endring – politikken vert meir polarisert

Dei blåblå beheld fleirtalet, også i region Vest, mest takka vera FrP. Sp er den store valvinnaren. Ap går på ein skikkeleg smell.

Ove Trellevik, Høgre sin 2. kandidat i Hordaland, sikra partiet 40,3 prosent av røystene i heimkommunen Sund.

Når kring 95 prosent av røystene er talde i Fjell, Sund, Askøy og Øygarden er det klart at valet i vest føl hovudtrendane i det nasjonale valet.

Trellevik-effekten
Høgre og FrP beheld makta. Å ha ein innbyggjar på sikker plass på Stortingslista gav uttelling i kommunane. Sundsokningane har slutta massivt opp om Ove Trellevik. Her går Høgre fram heile 2,2 prosent samanlikna med Stortingsvalet i 2013. Fram går partiet også i Askøy, heimkommunen til Tom Christer Nilsen. I Øygarden derimot, går partiet tilbake heile 1,9 prosent.

FrP går fram heile 3,3 prosent i Øygarden, der Terje Søviknes sitt bodskap om framtidige arbeidsplassar innan olje og gass tydelegvis har falle i god jord. Også i Askøy gjer FrP fin framgang, med 1,2 prosent.

Valvinnar
Sp står att som valvinnaren. Sjølv om partiet ikkje har lokale kandidatar på sikker plass, går dei fram 3,5 prosent i Sund, 3,1 prosent i Øygarden og 2,3 prosent i Askøy. Sjølv i konservative Fjell går Sp fram 1,9 prosent samanlikna med Stortingsvalet.

Større polarisering
Ap går på ein skikkeleg smell i alle dei fire kommunane. Valet viser at veljarane ønskjer ein meir polarisert politikk. Veljarane er tydelege på at eitt høgreparti er nok. Størst er fallet for Ap i Askøy, med minus 5 prosent. I Sund er tilbakegangen 3,5 prosent, i Øygarden på 3,1 prosent, og i Fjell 2,1 prosent.

SV tek mesteparten av dei stemmane Ap har mista.

KrF går også kraftig tilbake. Torill Selsvold Nyborg har ikkje klart å mobilisera til oppslutnad om 2. plassen i Knut Arild Hareide sitt heimfylke.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s