Planlegg forbod mot nydyrking av myr

Av omsyn til klimaet bør norske bønder få forbod mot nydyrking av myr, føreslår Landbruks- og matdepartementet.

Eit generelt forbod mot nydyrking av myrområde som dette kan føra til inntektstap for bonden, og vil hindra grunneigaren i å hausta fordelar av nydyrking i framtida. Det vil i liten grad vera eit hinder for framtidig matproduksjon, hevdar Landbruks- og matdepartementet.

I høyringsforslaget som Landbruks- og matdepartementet ber norske kommunar ta standpunkt til i desse dagar, vert det føreslege å endra jordlova og nydyrkingsføresegna. Omsynet til klima bør gje heimel for eit generelt forbod mot nydyrking av myr, føreslår departementet.

Karbonlager
Myr er eit naturleg karbonlager. Ved nydyrking og drenering vil store mengder av klimagassane CO2, metan og N2O verta frigjort og sluppe ut i atmosfæren.

Det er usikkert kor stor effekt eit generelt forbod mot nydyrking av myr vil ha på dei norske klimagassutsleppa. I Regjeringa sitt høyringsframlegg varierer reduksjonen i utsleppa av CO2-ekvivalentar frå 205.000 til 615.000 tonn i 2050.

Føresett at eit generelt forbod fører til at arealet av nydyrka myr vert redusert med 2.000 mål årleg, vil det føra til ein reduksjon i utsleppet av CO2-ekvivalentar med 188.126 tonn i 2050, ifølgje høyringsframlegget.

Les: Vil skattleggja omdisponering av areal

Til jordbruksføremål
Høyringsforslaget rettar seg mot nydyrking av myr til landbruksføremål. Både fulldyrking og overflatedyrking av jord vert ramma. Forslaget omfattar i tillegg gjenoppdyrking av jord som har lege brakk i meir enn 30 år.

Nedbygging av myr til industri- og bustadføremål vert ikkje omfatta.

Det er kommunane som tek stilling til grunneigarane sine søknadane om nydyrking. I dag pålegg nydyrkingsføresegna kommunane å vurdera kva konsekvensar tiltaket vil få for natur og kulturlandskapet. Sjeldne miljøverdiar skal takast vare på. No vil Regjeringa i tillegg ha klima inn som ein ny omsynsfaktor.

Næringsinteresser
Jordlova legg opp til at kommunane skal vurdera søknadar om nydyrking opp mot næringsmessige tilhøve. Er det ønskjeleg å styrka driftsgrunnlaget til bonden? Legg nydyrking til rette for driftsmessig gode løysingar?

Eit forbod kan føra til inntektstap for bonden, og vil hindra grunneigaren i å hausta fordelar av nydyrking i framtida. Det vil i liten grad vera eit hinder for framtidig matproduksjon, hevdar Regjeringa.

Dyrkbart areal
Myr utgjer kring 35 prosent av det dyrkbare arealet i Norge. Nydyrking av myr er i mange tilfelle bøndene sitt einaste alternativ for å utvida produksjonsarealet. Dei seinare åra har myr stått for 16 prosent av det samla nydyrkingsarealet.

Det vart i fjor registrert totalt 964 søknadar om nydyrking. 21.616 mål vert godkjent for nydyrking.

Klimaforliket
Forslaget har bakgrunn i Klimaforliket i Stortinget i 2012. Der vart det vedteke å redusera utsleppa av klimagassar, og at omsynet til klimaet skal nedfellast i lovar og føresegner.

I Stortingsmelding 21 spesifiserte Regjeringa at nydyrkingsføresegna bør reviderast slik at også omsynet til klima vert ivareteke. Nydyrking av myr vert ikkje nemnt spesielt. I budsjettforliket frå hausten 2016 fremma derimot fleirtalet i næringskomiteen forslag om at Regjeringa skal fremma forslag mot nydyrking av myr i løpet av 2017.

Skrinlagt
Eit tilsvarande forslag vart sendt ut frå Landbruks- og matdepartementet i 2010. Forslaget fekk massiv kritikk frå mange hald, og vart skrinlagt.

Les: Søviknes: Klimadebatten er ikkje så einkel som folk vil ha det til

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s