Lettlest og underhaldande

Journalist og ”strilaforskar” Ivar Fjeld har skrive bok om leitinga etter vikingane sitt samkvem med Irland over Nordsjøen.

I ”Spor i blod – fanga av vikingar i Irland” tek Ivar Fjeld utgangspunkt i sitt eige arbeid for å finna spora etter vikingane i Irland og etter irane på Vestlandskysten. Kan hende freista fredelege keltiske munkar å kristna vestlendingane fleire hundreår før vikingane drog på røvartokt til Irland, er Fjeld sin hypotese.

Les: Forskar på strilen sitt opphav

Fjeld lanserer sin eigen versjon av ein teori som er i tida, og som andre historikarar har dokumentert i det minste delar av.

Boka er skriven som ein roman, noko som lettar historieforteljinga for journalisten. Samstundes vert det vanskeleg for genuint historisk interesserte å skjelna mellom fiksjon og fakta.

Forteljinga hoppar fram og tilbake i tid, mellom notid, Irland på 800-talet og Sotra på 1960-talet.

Segna om dei irske prinsessene som rak i land på Kinn og på Selje utgjer ein av fleire trådar i forteljinga. Ei forteljing som elles er komponert av ein dose DNA-analyser og ein passe dose romantikk, ispedd ørlite dramatikk.

Personskildringa er Fjeld sitt svake punkt. Personane framstår diverre som heller klisjeaktige, jamfør den fordrukne ex-journlisten i Vestnytt, den kyske pinseven-venninna hans, også skurken då, som sjølvsagt er frimurar.

”Spor i blod” er uansett lettlesen og underhaldande. Ein fin introduksjon til vidare lesnad om eit fengjande tema.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s