FjellVar på topp i vasskvalitet

Fjell er ein av dei seks beste kommunane i landet når det gjeld vasskvalitet og leveransesikkerhet.

Norsk Vann logo

Det er interesse- og kompetanseorganisasjonen Norsk Vann som har kåra FjellVar til ein av dei seks vassleverandørane i landet som tilfredsstiller kvalitetskrava til ”god standard”. Til saman 85 kommunar deltok i den frivillige benchmarkinga.

– Vurderingskriterier er strengare enn statlige krav til tenestene, så det heng høgt å oppnå kvaliteten «god standard», seier dagleg leiar Toril Hofshagen i Norsk Vann i ei pressemelding.

Trygt å drikka
Fem vurderingskriterier ligg til grunn for kåringa. To av dei omfattar vasskvalitet. Vatnet skal vera hygienisk trygt å drikka, og det skal halda bruksmessig høg kvalitet, som lite farge og rett pH, utdjupar Hofshagen ovanfor nettavisa Tunnelsyn.

Leveransesikkerhet
Leveransesikkerhet er det andre hovudkriteriet. Her vert det lagt vekt på høg stabilitet i leveransen, gode alternative forsyningskjelder i tilfelle hovudleveransen fell vekk, i tillegg til at leidningsnettet har god kvalitet.

Avløp
Fjell deltok ikkje i kvalitetsvurderinga av avløpsnettet. Nettavisa Tunnelsyn har ikkje klart å få kontakt med Bjarne Ulvestad i FjellVar for å forklara kvifor.

Les: Reinseanlegget i Storanipa: No trur FjellVar-sjefen på å landa på budsjett

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s