Vil ha fleire hurtigladarar

Enova opnar pengesekken for aktørar som ønskjer å utplassera hurtigladestasjonar for elbil i Sund, Øygarden og Askøy.

Enova gjev 40 prosent tilskot til installasjon av sokalla trippelstandard hurtigladar, med ein kostnad på inntil 200.000 kroner.

Enova ønskjer fortgang i utplasseringa av hurtigladarar for elbilar langs det norske vegnettet.

Sund, Øygarden og Askøy er mellom dei kommunane der den statlege verkemiddelorganisasjonen gjerne ser at elbileigarane får betre tilgang til ladestasjonar.

Les: 4.000 nordmenn står i kø for denne bilen

Kommunar som hadde færre enn to hurtigladestasjonar ved Jonsoktider i år, vert no oppmuntra om å får fortgang i utplasseringa.

Offentlege eller private aktørar som kan tenkja seg å bidra i den nasjonale dugnaden for å redusera CO2-utsleppa, vil få Enova-støtte til 40 prosent av installasjonskostnadane inntil 200.000 kroner, i følgje ei pressemelding.

Tilskotet gjeld berre sokalla trippel-standard hurtigladar.

Storleiken på tilskotet gjer at det fell utanom EØS-reglane for offentleg støtte.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s