Sykkelsirkuset – bak fasaden

Drap. Dop. Fiksa etappevinnarar. Svik og tystarar.

Illustrasjon Erlend Askhov.

Dette er hovudingrediensane i Kurt Aust sin medrivande thriller frå Tour de France-miljøet.

Sykkelryttaren Erik Norse er nett ute att etter å ha sona åtte månadar for bilulukka der kjærasten hans omkom. No får han tilbod om ein ny start.

Leiinga i Tour de France er overtydd om at det foregår eit råttent spel i kulissane kring det verdskjende sykkelløpet. I samarbeid med Interpol bestemmer dei seg for at dei treng ein på innsida som kan nøsta opp mafiaverksemda. Ein syklist som er smart nok og god nok til å verta involvert i intrigane kring doping, korrupsjon og fiksa etappevinnarar. Ein syklist som ikkje har noko å tapa. Som Erik Norse.

Boka føl proffsyklisten gjennom Tour de France. Kurt Aust er ein dedikert sykkel-fan. Boka er spekka med detaljerte kunnskapar om alle dei 20 etappane og kor krevjande dei er for ein syklist. For lesarane framstår resultatet med høg grad av realisme.

For Norse vert turen frå Bayeux til Champs-Elysée eit smertehelvete med risiko for brå død om han vert avslørt som tystar.

Undervegs mot den overraskande slutten nærmar Erik Norse seg sanninga om kva som eigentleg hende den natta kjærasten hans omkom.

”Dødt løp” burde ha vore promotert breidt i samband med Sykkel VM. Diverre er boka visstnok utseld frå forlaget. Skal du ha håp om å lesa denne topp aktuelle thrilleren, må du på biblioteket.

Kurt Aust har tidlegare gjeve ut ei rekkje historiske kriminalromanar. Han skriv engasjerande, og hadde fortent ein betre skjebne enn å vera forvist til å vera hjelperyttar for forlaget sine internasjonalt kjende forfattarar. Eit forlag som på mange måtar framstår som like kynisk og kalkulerande som det spelet Aust omtalar i bøkene sine.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s