Liegruppen skal driva forskingsfiske på store havdjup

Liegruppen ventar ikkje på nytt fiskefartøy før dei set i gang med prøvefiske etter mesopelagiske fiskeartar.

Havdjup under 200 meter skjuler store fiskeressursar. Peder O. Lie og Liegruppen har sikra seg konsesjon til å vera mellom dei først til å utforska potensialet i mesopelagisk fiske. (Arkivfoto).

Under fem prosent av verda sin matproduksjon kjem frå havet. Raskt aukande folkemengde tilseier at havet sin del av matproduksjonen bør auka. Samstundes inneber internasjonale reguleringar av fiskekvotar og oppdrettskonsesjonar at det er lite rom for større ekspansjon med utgangspunkt i dagens kjende artar.

Store havdjup
Liegruppen har vakse på evna til innovasjon. No øynar dei konturane av noko som kan verta eit nytt interessant forretningsområde.

Denne hausten har Liegruppen sikra seg konsesjon for prøvefiske av mesopelagiske fiskeslag, fortel dagleg leiar Peder O. Lie til nettavisa Tunnelsyn.

Les: Basen på Liaskjæret

Ukjent ressurs
Mesopelagisk fiske skjer frå 200 meters djup og nedover. Så langt er det mest berre islendingane som har sett det som interessant å driva fiske på desse havdjupa.

Ein veit det finst store fiskeressursar der. Førebels veit ein likevel svært lite om kva artar som finst, storleiken på bestandane og kva metodar som er eigna.

Les: Sjømat er framtida

Små kvanta
– Førebels er det snakk om svært små kvanta, inntil 500 kilo. Ikkje noko kommersielt fiske. Vi veit det finst kollosale mengder, men ikkje noko om kvaliteten og kva ressursane kan nyttast til, seier Lie.

At fiskefor kan vera ein aktuell anvendelse, ser fiskebåtreiaren ikkje vekk frå. Oppdrettsæringa treng tilgang på nye artar som kan ersatta sild, makrell og andre artar som menneska kan nyttiggjera seg direkte.

Internasjonal sone
Innovasjon Norge støttar prøvefisket som fortrinnsvis skal skje i internasjonal sone og i norsk økonomisk sone, nord for 62 breiddegrad, ifølgje Lie.

Fisket skal skje med ein av rederiet sine to noverande fiskefartøy.

Krevjande planlegging
Planlegginga av Liegruppen sitt nye fiskefartøy håpar basen på Lieskjæret å koma i mål med dette året. Sikker er han likevel ikkje.

– Det er krevjande å jobba fram eit slikt konsept i ei tid der alt er i endring, seier Lie.

Storleiken på fartøyet er ein ting. Framdrift, maskinkapasitet og energibruk skapar derimot hovudbry for planleggjarane.

Fossilt brennstoff
– Fossilt brennstoff er på veg ut, men vi veit ikkje kor lang tid det tek, eller kor raskt utviklinga av batterikapasiteten vil skje, utdjupar Lie.

Politisk er det også skjær i sjøen. Nye krav frå Miljøpartiet, særleg, gjer at fiskebåtreiaren ser det som utfordrande å planleggja eit nytt fiskefartøy i ei tid der dei politiske rammene er i stadig endring.

Les: Liegruppen kontraherer nytt fiskefartøy

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s