Oljeeksporten sikrar hamneaktiviteten

Skipsanløpa vert færre. Målt etter godsmengde, vert hamneanlegga til Bergen og omland hamnevesen likevel stadig meir dominerande i landsmålestokk.

Godsmengda over Bergen indre havn vert lita, samanlikna med det som skjer på Mongstad, Sture og Kollsnes.

Bergen og omland hamnevesen omfattar alle kommersielle hamneanlegg i kommunane rundt Bergen, ikkje berre Bergen indre hamn.

Utviklinga snudd
Auken i godsmengda til og frå hamnane i Bergensområdet siste to åra har vore formidabel. På kort tid er den negative utviklinga snudd. Sidan offshorekrisa seinka godstransporten på sjø til eit lavmål hausten 2015, har den samla godsmengda over hamneanlegga i Bergensområdet auka med 44 prosent.

13 millionar tonn
Bergen og omland hamnevesen inntek ein stadig meir dominerande posisjon når det gjeld godstransport på sjø. 13 millionar tonn gods vart transportert til og frå hamnane i Bergensområdet i andre kvartal. Det utgjorde 27,4 prosent av alt gods som vart frakta sjøvegen langs norskekysten i perioden.

Nest etter Bergensområdet, er Narvik største utskipingshamna i landet, med 5,3 millionar tonn.

Petroleumsprodukt stod for 11,5 av dei 13 millionar tonna med gods som vart skipa over hamnane i Bergensområdet i andre kvartal.

Olje og gass
Travlast er det i utskipingshamnane for olje og gass, Mongstad, Sture og Kollsnes. Råolje, flytande gass og andre petroleumsprodukt stod for heile 11,5 millionar tonn, eller 88 prosent av den samla godsmengda i området.

Containertrafikken over Bergen indre hamn vert marginal i samanlikning.

2.400 skipsanløp i andre kvartal er 38 prosent færre enn i toppmånadane før offshorekrisa hausten 2013.

Færre anløp
Skipsanløpa vert derimot færre. 2.400 anløp i andre kvartal i år er 37,7 prosent færre enn i toppmånadane før oljekrisa slo til hausten 2013.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s