Løftar OPP innovasjon og gründerskap

Bergensområdet aular med nyskapande og innovative personar. Innovasjonsveka OPP feirar entrepenørskapet. Best av alt – dei fleste arrangementa er gratis.

Under Innovasjonsveka OPP 25. – 30. september skal alle som er opptekne av nyskaping kunna dela erfaringar og henta inspirasjon til vidare innsats. Arrangørane er overtydde om at ulike bransjar står ovanfor like utfordringar.

Veka er spekka med aktuelle føredrag, seminar og andre hendingar som kan vera verd å få med seg.

Kan landbruk, medieteknologi og fintech læra noko av den forskinga som skjer i havrommet, eller av kunstig intelligens? Kva med design, opplevingar og velferdsteknologi og matproduksjon?

Temaene famnar breidt – svært breidt – som gründar kan du få vita meir om ”alt” frå open innovasjon, til råd for patentsøking.

Ikkje noko for deg, tenkjer du kanskje? Veka er ikkje berre for dei med ein gründar i magen. Her er også noko å henta for dei som er opptekne av regional utvikling, offentleg tenesteproduksjon og førebuing av kommunane på den føreståande eldrebølgja. Eller kva med utvikling og bruk av kunstig intelligens i morgondagens landbruk og matproduksjon? Sosiale media står sjølvsagt også på programmet.

Møt vellukka gründarar – og nokre som for tida er mest opptekne av å læra av feila sine…

Innovasjonsveka OPP er eit breidt samarbeid mellom Bergen Teknologioverføring, DNB, Innovasjon Norge, Invest In Bergen, Bergen Næringsråd, Bergen kommune, Hordland fylkeskommune, First Tuesday og gründermiljøet i Bergen.

Finn ut kva som er aktuelt for deg – Last ned programmet her

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s