Miljøinspirator frå Kenya

Kenyanaren Shadrack Juma er på evig leit etter prosjekt som kan gjera kvardagen betre for folk på heimstaden. At plastgjenvinningsprosjektet ikkje treng verta noko av, er han likevel hoppande glad for.

Shadrack Juma har fått god hjelp av næringslivet på Sotra til bistandsprosjekta sine. Kanhende kan vi læra noko om miljø av Kenya?

Tidlegare opposisjonspolitikar, forretningsmann og student med base i Baba Doga i Nairobi. I desse dagar gjestar Shadrack Juma Sotra for å orientera dei mange støttespelarane sine om status på bistandsprosjekta sine på heimstaden.

Les: Changemaker frå Nairobi

Denne gongen fortel Juma også om eit prosjekt som likevel ikkje vert noko av. Heldigvis, seier Juma.

Forbod mot plast
Som eit av dei første landa i Afrika, ja i heile verda, har Kenya forbode all bruk av plastposar. Dermed dett botnen ut av Juma sine planar om eit heimleg plastgjenvinningsprosjekt. Plastposane var viktigaste ”ingrediensen” i det omfattande avfallsproblemet i Daba Doga. No er det nasjonal dugnad for å samla opp restane, og deretter håpar både Juma og nasjonalforsamlinga på å vera kvitt eit omfattande miljøproblem.

– Vert du ferska med ein plastpose i Kenya no, risikerer du bot. For å få effekt, skal bota svi, skikkeleg. Heile 40.000 norske kroner, fortel ein strålande nøgd Juma som har vore med på å førebu grunnlaget for det banebrytande lovforbodet.

Åtvarar turistar
Det ferske forbodet vil verta stramma inn gradvis. Leverandørar av annan plastemballasje, som plastflasker, har alt fått varsel om å finna andre alternativ.

– Turistar vert også omfatta av forbodet. Du slepp ikkje ut av flyplassen med ein plastpose i bagasjen, åtvarar Juma.

Ut av fattigdom
Men det er ikkje på grunn av plastforbodet Juma er i Norge. Vegen ut av fattigdomen i Baba Doga går gjennom utdanning, har den tidlegare opposisjonspolitikaren for lengst oppdaga. Oppmuntra av lokalmiljøet har han medverka til å dra ei gang ei rekkje tiltak som skal bidra til å skaffa innbyggjarane løna arbeid.

Næringslivet på Sotra og i Bergensområdet har vore ivrige støttespelarar, med pengar og med utstyr. Som 25 kasserte, men fullt brukande, laptopar frå Konkurransetilsynet.

Men inspirasjon kan gå begge vegar. Her i «Plastkvalen» sitt rike har vi kanhende noko å læra av Kenya når det gjeld miljøtenkjing?

Fengjande musikk
Eit bibliotek der ungane kan lesa lekser i fred og ro, ein syskule for vaksne som ønskjer å kvalifisera seg for jobb i den internasjonale klesindustrien, og no sist, eit musikkstudio, er tre prosjekt som Juma har realisert med litt hjelp frå vårt lokale næringsliv.

Afrikanske rytmer fengjer. Lytt til «Ghettoboy» av Panzi La Bindamu

Eit risikoprosjekt
Å vera i opposisjon i Norge er lite kjekt. I Kenya er det direkte risikofylt. Nyleg vraka den kenyanske høgsteretten resultatet av det siste presidentvalet. I redsle for politiske opptøyer og plyndring har dei lokale initiativtakarane funne det klokast å demontera syskulen inntil landet igjen har ei lovleg valt nasjonalforsamling.

Enno har Shadrack Juma nokre år på seg for å bestemma om han ønskjer å ta steget opp frå den lokale byregjeringa og stilla til eit nasjonalt val.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s