Vil produsera vekstjord på Eide

Frantzefoss har søkt om å få kompostera hageavfall og hestemøkk på det gamle avfallsdeponiet på Eide. Den ferdige komposten skal seljast som vekstjord.

Frantzefoss sitt anlegg på Eide. Komposteringa er planlagt å skje i haugen bak tankane til høgre på biletet.

Dette framkjem av ein søknad Frantzefoss AS har sendt fylkesmannen i Hordaland. Søknaden omfattar konsesjon for å behandla inntil 10.000 årleg med hageavfall, gjødsel og ferdig kompost på same området som det gamle avfallsdeponiet ligg.

Forureining
Komposteringa vil ikkje medføra genererande lukt eller støv, hevdar Frantzefoss i søknaden.

For å hindra sigevatn til terrenget, eller at det gamle deponiet kjem i ulage, skal området først dekkast med ein kunstig membran som vil sama opp alt vatn.

Aukande problem
Hageavfall er i ferd med å bli eit aukande problem i urbane strøk. Etter innføringa av forbodet mot å brenna hageavfall på Litle Sotra, Kolltveit og eindel andre tettbygde område i Fjell, har mengda av hageavfall innlevert på gjenbruksstasjonen på Straume eksplodert. I fjor tok dei mot 500 tonn – ein auke på 25 prosent samanlikna med 2015.

Les: FjellVar tenkjer forretningsutvikling

Grønn Vekst
På Eide vil den ferdige komposten verta iblanda mellom anna myrjord og sand og seld som vekstjord. Totalt reknar Frantzefoss med å produsera 15.000 tonn ferdig jord årleg, iflgje søknaden.

Det er dottersleskapet Grønn Vekst Norge AS, der Frantzefoss eig halvparten, som skal stå for salet av den ferdig komposterte jorda.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s