Krev dokumentasjon på vassgebyret

Fjellsokningane betalar for myke i vassgebyr, fryktar Georg Indrevik og Øyvind Herland. No ber dei Kontrollutvalet sjå på saka.

Kva kostar det eigentleg å produsera reint vatn til fjellsokningane, spør Georg Indrevik og Øystein Herland. Dei to tidlegare medlemmar i Gebyrutvalet ber Kontrollutvalet innhenta dokumentasjon på kalkylane.

Før sommaren vedtok kommunestyret i Fjell nye gebyrsatsar for vatn og avløp. Her vart årsgebyret for forbruk av vatn sett til 20 kroner per kubikkmeter, medrekna meirverdiavgift.

Sjølvkost
Kommunen har ikkje lov til å ta seg meir betalt enn det kostar å produsera ei teneste. Det er sjølvkostprinsippet som skal liggja til grunn for utrekninga av kommunale gebyr, hevdar Georg Indrevik og Øyvind Herland i eit brev til Kontrollutvalet.

Brevet har dei skrive på vegne av organisasjonen ROS – Rettferdig Offentlig Saksbehandling.

Formelt sett er det Gebyrutvalet som utarbeidar kostnadskalkylane for offentlege tenester. Både Indrevik og Herland har tidlegare vore medlemmar i Gebyrutvalet i Fjell.

Les: Gjestekommentar: Slik beregnes VA-gebyrene

Krev dokumentasjon
Kontrollutvalet bør henta inn dokumentasjon på kva kostnadsfaktorar som inngjekk i reknestykket då vassgebyret vart fastsett til 20 kroner per kubikkmeter, krev dei to.

Dokumentasjon på kva kostnadsfaktorar som inngår i reknestykket for utrekninga av dei nye gebyrsatsane mangla i saksunderlaget då kommunestyret vedtok satsane, hevdar dei i brevet.

– Berre ein dokumentasjon av sjølvkostkalkylen for vatn vil kunna bekrefta om det her har føreligg eit brot på regelverket eller ikkje, skriv Indrevik og Herland i brevet.

Dette skal inkluderast
Forureininingsføresegna angjev kva kostnadar som skal inngå i kalkylen ved fastsetjing av VA-gebyr.

Sjølvkostbasert tenester skal gjennomførast på ein nøktern måte. I tillegg til råvatnet, skal mellom anna kostnadar forbudne med reservoar, pumper, filter og desinfisering inngå i reknestykket. Det same skal kostndar til kvalitetskontroll, drift og vedlikehald, i tillegg til avskrivingar på tekniske anlegg og finanskonstnadar.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s