– Ka tid kjem båtruta?

Båt er bra. Berre smilande fjes å sjå om bord på jomfruturen for båtruta Ågotnes – Bergen.

Eit strålande tilbod. Ka ti» kjem båttruta? Trine T. Trygvesdotter og Anita Fjeldstad var med på jomfruturen frå Ågotnes til Strandkaien.

Båtreisa var historisk. 45 år etter at Sotrabrua vart opna og dampen frå Bergen til Brattholmen og Sotra gjekk si siste reis, var det endeleg igjen mogeleg å ta sjøvegen til byd’n.

Jomfruturen kunne ikkje ha skjedd under betre tilhøve. Med toppfart 35 knop over spegelblank sjø gjekk reisa frå Ågotnes til Strandkaiterminalen unna på 25 minutt.

Ekstraordinært
Det var Teisten og Rygercruise som var hyra inn av Fjell kommune for dette ekstraordinære kollektivtilbodet i samband med Sykkel VM. Til saman hadde fartøya plass til 315 passasjerar og skulle gå i skytteltrafikk heile søndag ettermiddage.

– Ka ti’ kjem båtruta? spurte Anita Fjeldstad og Trine T. Trygvesdotter. Busette på henhaldsvis Vindenes og Blomvåg, og med arbeidsplass på Ågotnes, er dei begge opptekne av at båtruta bør verta eit permanent tilbod.

Fjerna køane
– Ei båtrute kunne ha fjerna køane. Då hadde vi knapt hatt behov for ei ny Sotrabru, hevda Fjeldstad entusiastisk like før ho sette beina på fast grunn på Strandkaien, klar for filalen og medaljeutdelinga i sykkelmeistarskapen.

Prosjekt til modning

Til modning: CCB-sjef Kurt Rune Andreassen er overtydd om at båtruta mellom Ågotnes og Bergen vil koma når tida er moden.

Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen på CCB har lenge freista få til ei sjøbasert arbeidsrute mellom Ågotnes og Bergen. I dag er han minst like nøgd som passasjerane. Ikkje berre har dei bidrege til å få til ei trafikkløysing som fungerer slik at publikum kunne unngå kork og trafikkstans.  Dei har også klart å visa at basen kan brukast som utgangspunkt for ei båtrute, utan at det kjem i konflikt med baseaktivitetane.

Les: Båt skal avlaste vegnettet under Sykkel VM

-Det er eit tankekors at det måtte eit sykkel VM til for å få dette til. Dette er eit prosjekt som er under modning. Det skjer endringar i bransjen, med nye miljøkrav, og eg er sikker på at båtruta vil koma når tida er moden, seier Andreassen til nettavisa Tunnelsyn.

Alle kom med

Alle dei som venta på kaien slapp ombord. Passasjertrafikk frå kaien inst i Tranevågen vil ikkje vera til hinder for basedrifta.

Då Teisten la til kai ved bygg 2 inst i Tranevågen like før klokka 14, venta passasjerane utolmodig. Trass i at dei to første turane var utselde på førehand, venta det likevel ikkje fleire på kaien enn at kaptein Arne Halhjem slapp alle om bord.

Stadig meir populær

Teisten og kaptein Arne Halhjem er til vanleg reservefartøy på Kleppestø – Bergen – ei rute som vert stadig meir populær.

Teisten er vanlegvis reservefartøy på ruta Askøy – Bergen. På naboøya har dei, i motsetnad til på Sotra, oppretthalde båtruta i alle desse åra sidan Askøybrua vart opna. No opplever dei at ekspressbåtruta mellom Kleppestø og Bergen vert stadig meir populær, fortalde Halhjem.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s