Klart for pinonerprosjekt på CCB

Ombygginga av jackup-riggen Haven for utplassering som bustadhotell på Johan Sverdrup vert største einskildoppdraget på CCB dette året.

Haven er jackupriggen med fire bein midt på biletet. Foto: CCB/Kurt Andreassen.

Det byrjar verta trongt om kaiplassen på CCB. Laurdag fekk basen inn sin andre jackup-rigg denne veka. Den seks år gamle bustadplattformen Haven er henta ut av opplag på Sørlandet og skal byggjast om til å stå på djupt vatn i Nordsjøen, seier administrerande direktør Kurt Rune Anderassen til nettavisa Tunnelsyn.

Teknisk komplisert
For å kunna stå stødige på havbotnen må kvart av dei fire beina på plattformen forlengjast med til saman 60 meter. I tillegg må beina få påmontert eit større fotblad for ikkje å synka ned i den lause havbotnen på Johan Sverdrupfeltet, utdjupar Sveinung Vethe, prosjektsjef for CCB Yard Services.

– Prosjektet er teknisk komplisert. Dette vert eit banebrytande prosjekt for oss. Sjølve metoden beina skal verta forlenga på har aldri vore gjennomført tidlegare, seier Vethe.

200 personar
Oppdraget vert det største einskildprosjektet på offshorebasen på Ågotnes dette året. Inntil 200 personar, hovudsakleg sveisarar og stillasarbeidarar, vil vera engasjerte i det halvåret arbeidet er planlagt å ta, anslår prosjektsjefen.

Nye ”støvlar”
Dei nye ”støvlane” til riggen er prefabrikkerte i Dubai og frakta til Norge. Kvar av dei er 22 meter i diameter, 28 meter høge og veg 4.000 tonn.

Først skal ”støvlane” plasserast på den undersjøiske plattformen basen har laga til føremålet. Deretter skal den flytande riggen manøvrerast over dei nye beina. Beina skal deretter heisast opp og sveisast fast, forklarar Vethe.

Les: Opnar nytt marknadssegment for CCB

Godt planlagt
– Det er eit spanande prosjekt, men godt planlagt. Vi har arbeidd med dette i over eitt år, understrekar Vethe

Haven er bygd med 447 sengeplassar. Riggen skal etter planen vera klar til å tauast ut til Johan Sverdrup-feltet i månadsskiftet mars – april neste år.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s